656 000 tapte årsverk i 2014

NAV-notat nr.2-2015

Av Jorunn Furuberg og Ola Thune

I den offentlege debatten blir ofte talet på mottakarar av ulike stønader summert og presentert som eit mål på kor mange som står utanfor arbeidslivet. Sidan mange mottek meir enn ein stønad til same tid, eller arbeider ved sida av ei gradert trygdeyting, vil summen av alle som er arbeidslause eller mottek ei trygdeyting ikkje gi eit rett bilete på kor mange årsverk som går tapt på grunn av dårleg helse eller arbeidsløyse.

I dette notatet presenterer vi eit estimat på kor mange årsverk som går tapt på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Vi viser også at demografiske tilhøve kan forklara mykje av veksten i tapte årsverk dei siste åra.