Tidsavgrensa uførestønad eller varig uførepensjon?
Arbeid og velferd nr. 4-2008
Av Linda Hauge og Torunn Bragstad
Frå og med 2004 vart det mogleg å innvilge tidsavgrensa uførestønad til personar som søkte om uførepensjon. Føremålet med dette var å hindre varig uførepensjonering i tilfelle der det var moglegheit for å tilbakeførast til arbeidslivet. Målgruppa for ytinga er i hovudsak yngre personar med lidingar med ein usikker prognose. I denne artikkelen nyttast logistisk regresjon til å analysere kva som påverkar sannsynet for å få anten varig eller tidsavgrensa uførestønad.