Sjukefråværet for tidlegare stønadsmottakarar

Rapport om arbeidsmarkedet nr. 4-2006

Av  Linda Hauge og Ola Thune

I denne artikkelen studerer me sjukefråværet til tidlegare stønadsmottakarar og arbeidssøkarar samanlikna med sjukefråværet til dei som ikkje har motteke stønad eller vore arbeidssøkar. Me har teke utgangspunkt i personar som var i arbeid både i 2002 og 2004 og følgt desse bakover i tid. Personane er gruppert etter om dei har motteke stønad/vore arbeidssøkar over ei viss tid eller ikkje i perioden 1997–2001. Gruppa som tidlegare har motteke stønad/vore arbeidssøkar har me delt inn i uføre, rehabiliteringspengemottakarar/yrkeshemma, arbeidssøkarar og sjukmeldte over seks månader.