Kor mange langtidssjukmeldte fell ut av arbeidsmarknaden?

Arbeid og Velferd nr. 2-2008

Av Linda Hauge og Ola Thune

"50 prosent av personar som er sjukmeldt i meir enn åtte veker, er ute av arbeidsmarknaden to år seinare” har det ofte vorte hevda i diskusjonar om sjukefråvær og sjukefråværsoppfølging. Dette talet baserer seg på eit par utvalsundersøkingar gjort for rundt 15 år sidan. I denne artikkelen ynskjer vi å finne ut om dette resultatet gjeld generelt. Med utgangspunkt i alle påbegynte sjukepengetilfelle i 2003, har vi undersøkt prosentdelen som framleis er i arbeid på ulike tidpunkt frå 6 månader til 3 år etter avslutta sjukepengeperiode. For tilfelle som har vart i minst 8 veker finn vi at vel 68 prosent framleis er i arbeid etter 3 år. For dei som har brukt opp sjukepengeretten er om lag 44 prosent i arbeid tre år etter.