Nedgang i arbeidsløysa

I løpet av juli vart det 500 færre heilt arbeidslause, viser sesongjusterte tal frå NAV. Summen av heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak minka med 200 personar.

– Dei siste månadene har det vore ein nedgang i talet på heilt arbeidslause. Dette skuldast at fleire arbeidssøkjarar har starta i tiltak, men også at det er færre nye arbeidssøkjarar no enn for nokre månader sidan. Utviklinga på arbeidsmarknaden den siste tida har dermed vore betre enn vi venta, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Arbeidsløysa har gått mest ned i Østfold og i Sogn og Fjordane i løpet av juli, justert for vanlege sesongvariasjonar. Aust-Agder og Finnmark er fylka med størst auke i arbeidsløysa siste månaden.

I løpet av juli gjekk arbeidsløysa ned i alle yrkesgrupper bortsett frå blant leiarar, der det var ein liten auke, og innan jordbruk, skogbruk og fiske og ingeniør- og ikt-fag, der arbeidsløysa  var uendra. Rekna i talet på personar er nedgangen størst i yrkesgruppene butikk- og salsarbeid og kontorarbeid.

Tala nedanfor er ikkje sesongjustert, og endringane som framkjem er samanlikna med same månad i fjor:

Heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak

Ved utgangen av juli er det registrert 87 700 heilt arbeidslause hos NAV. Dette er 2 400 fleire enn på same tid i fjor. Arbeidsløysa er med dette 3,2 prosent, mot 3,1 prosent i juli i fjor.

Summen av heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak er no på 99 600 personar, dette svarer til 3,6 prosent av arbeidsstyrken. Dette er 6 600 fleire enn i juli i fjor, då bruttoarbeidsløysa var på 3,4 prosent.

Ulik utvikling i fylka

Den todelte utviklinga i fylka held fram. Samanlikna med juli i fjor er det færre arbeidslause i 12 av 19 fylke. Nedgangen er størst i Nord-Trøndelag med 19 prosent og Sogn og Fjordane med 13 prosent. Arbeidsløysa har auka mest i Rogaland med 34 prosent og i Hordaland med 23 prosent.

 Arbeidsløysa er høgast i Rogaland med 4,6 prosent og i Aust-Agder med 4,2 prosent. I Sogn og Fjordane og i Oppland er arbeidsløysa lågast med 1,7 prosent og 1,9 prosent.

Størst auke innan ingeniør- og ikt-fag

Samanlikna med juli i fjor er det 32 prosent fleire heilt arbeidslause med bakgrunn frå ingeniør- og ikt-fag. Nest størst auke har det vore blant leiarar med 18 prosent. Nedgangen i arbeidsløysa er størst innan undervisning med 8 prosent og innan barne- og ungdomsarbeid med 7 prosent.

Arbeidsløysa er høgast blant personar med bakgrunn frå barne- og ungdomsarbeid med 5,5 prosent og innan industriarbeid med 5,0 prosent. Lågast arbeidsløyse finn vi i undervisning med 1,2 prosent og innan akademiske yrke med 1,3 prosent.

Færre nye arbeidslause

Ved utgangen av juli er det 11 prosent færre arbeidslause som har søkt arbeid i mindre enn fire veker, samanlikna med juli i fjor. Blant alle som søkt arbeid i mindre enn eit halvt år er det ein nedgang på 5 prosent, medan det er ein auke på 11 prosent blant dei som har vore arbeidssøkjarar i eit halvt år eller lenger.

For mer informasjon, kontakt pressevakta på telefon 40 00 31 44 eller presse@nav.no.