Dine klagerettar

Når du søkjer NAV om økonomisk stønad eller ei teneste, får du eit svar. Dette er vedtaket i saka di. I vedtaket står det korleis du skal gå fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist. Her kan du lese meir om klagerettane dine og kva som skjer.

Kven kan klage  
Slik klagar du  
Slik ettersender du vedlegg  
Kven kan hjelpe deg med å klage  
Frist for å klage  
Kva skjer når du klagar til NAV
Slik kan du melde saka for ein domstol  
Kor lang tid tar det å behandle ei klage
Du kan få dekt utgifter  
Klage på vedtak om sosiale tenester  

 

Kven kan klage 

Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil, kan du klage. Du kan òg bruke advokat eller gi fullmakt til ein person som klagar på vegne av deg.

Slik klagar du 

Det er fleire måtar å klage på. Du kan 

  • skrive klagen på skjemaet Klage på vedtak
    Vel kva klagen gjeld. Skriv fødselsnummeret ditt. Vel eininga i NAV som har skrive vedtaket du klagar på. Skriv ut ei førsteside og sjølve klagen. Legg førstesida øvst og send til adressa som står på førstesida.
  • sende klagen i Ditt NAV
    Logg inn og skriv «Send beskjed til NAV» i søkefeltet, vel det første treffet. I denne tenesta kan du skrive ei klage til NAV. Du kan seinare sende kommentarar eller tilleggsopplysingar i «Send beskjed til NAV».
    Du kan ikkje laste opp vedlegg.
    Vedlegg må du sende i posten med ei førsteside øvst i bunken. Følg framgangsmåten i det første punktet, men skriv berre ut førstesida.
  • sende eit brev i posten
    Du kan skrive eit brev. Då må du i tillegg skrive ut ei førsteside. Den legg du øvst i bunken med brevet og eventuelle vedlegg. Følg framgangsmåten i det første punktet, men skriv berre ut førstesida. Gå til klage på vedtak

Slik ettersender du vedlegg 

Du kan ettersende vedlegg til ei klage som du har sendt tidlegare. Gå til Klage på vedtak. Vel same tema som då du sendte klagen og same NAV-eining. Skriv ut ei ny førsteside. Legg førstesida øvst i bunken med vedlegg. Send til adressa som står på førstesida. 

Viss NAV-eininga har vidaresendt klagen din til NAV klageinstans, må du ettersende vedlegg til klageinstansen. Vel riktig avdeling i klageinstansen. Det vil stå i brevet du får frå NAV-eininga når dei har vidaresendt klagen til klageinstansen. 

Kven kan hjelpe deg med å klage 

Du kan få hjelp til å setje fram ei klage viss du ringer Kontaktsenteret på telefon 21 07 17 30 for klagesaker. 

NAV-kontoret ditt kan òg hjelpe deg viss du treng hjelp til å skrive klagen. Då må du avtale ein time på NAV-kontoret. Viss du ønskjer å ha med deg ein person du har tillit til, har du rett til det.

Ring Kontaktsenteret for å avtale ein time på telefon 55 55 33 33. 

Du kan òg bruke advokat eller gi fullmakt til ein person som klager på vegne av deg. Viss du gir fullmakt til ein privatperson, må du fylle ut et skjema.

Frist for å klage 

Klagefristen står i vedtaket som du har fått i posten. Fristen varierer etter kva type sak det er. 

Kva skjer når du klagar til NAV 

Når du klagar vil NAV-eininga som har skrive vedtaket vurderer dei saka di på nytt. Viss du får medhald i klagen din, lagar NAV eit nytt vedtak som du får i posten. Du kan klage på dette vedtaket. 

Viss du ikkje får medhald, blir klagen sendt vidare til NAV Klageinstans. Klageinstansen er ei sjølvstendig eining som vurderer saka di på nytt. Du vil få eit brev når saka blir sendt til NAV Klageinstans. Her står det kva som skjer vidare. 

Viss du har nye opplysningar i klagesaka di, kan du sende dei til NAV klageinstans heilt fram til klageinstansen har avgjort saka. 

Når NAV Klageinstans har avgjort saka di, får du eit vedtak i posten. 

Sjå illustrasjon som viser gangen i ei klagesak.

Kva kan du gjere viss du ikkje får medhald i klagen 

Viss du har fått eit vedtak frå NAV klageinstans som du meiner er feil, kan du med nokre unntak anke. I vedtaket kan du lese om anke og fristen for å anke. 

Anke til Trygderetten sender du til NAV Klageinstans, sjå avsnittet Slik klagar du. 

NAV Klageinstans behandlar saka di på nytt. Viss du ikkje får medhald i anken, skriv klageinstansen eit brev til Trygderetten. Før brevet blir sendt til Trygderetten får du høve til å kommentere innhaldet i brevet. 

Trygderetten vil behandle saka, avgjer ho og skriv ei avgjerd (kjennelse). Trygderetten sender deg denne. 

Slik kan du melde saka for ein domstol 

Trygderetten kan ikkje behandle alle saker. 

1. Viss Trygderetten kan behandle saka di, må ho vere ferdig behandla hjå Trygderetten før du kan melde saka for ein domstol. Det er fordi du må prøve alle moglegheiter for å klage og anke hjå NAV og Trygderetten før du kan melde saka for ein annan rettsinstans.

Frist for å melde saka di for ein domstol er 6 månadar etter at du har fått avgjerd frå Trygderetten. 

2. Viss Trygderetten ikkje kan behandle saka di, må du sjekke om du har brukt alle moglege klagehøve i NAV. Det må du gjere før du kan melde saka for ein domstol. Du må sjølv sjekke kva fristar som gjeld for å melde saka for ein domstol. 

Kor lang tid tar det å behandle ei klage?

Sjå forventa behandlingstid for klage- og ankesaker for dei fleste områda i NAV.

Du kan få dekt utgifter 

Viss du får medhald i klagen, kan du ha rett til å få dekt utgifter som har vore naudsynte for å få endra vedtaket. Eit døme er utgifter til advokat. Send krav om å få dekkje sakskostnader til eininga i NAV som har gjort om vedtaket. Send eit brev med vedlegg. Du må skrive ut ei førsteside, sjå avsnittet Slik klager du. Vel temaet «sakskostnader» når du skal skrive ut førstesida. 

Klage på vedtak om sosiale tenester 

Du skal sende klagen til NAV-kontoret som har gjort vedtaket. Klagefristen er tre veker frå du har fått vedtaket. Husk å skrive hvilket vedtak klagen gjeld. Du kan eventuelt legge ved vedtaket du klagar på. Du må skrive kva du meiner er feil ved avgjerda og kvifor. 

Viss du ikkje får medhald, blir klagen din sendt vidare til fylkesmannen.