Endre kontonummer eller kontaktinformasjon

Du kan endre kontaktinformasjon og registrere og endre kontonummer ved å logge deg på Ditt NAV.

Slik endrar du

Dersom du logger deg på Ditt NAV med BankID, Buypass eller Comfides, kan du endre kontonummer og mellombels postadresse i "Din Profil".

Du kan berre ha eitt kontonummer registrert hos NAV. Dette gjeld for alle privatpersonar som får stønad, pensjon eller refusjonar frå NAV.

Kontonummeret blir også bruka for utbetalingar som NAV gjer på vegner av blant anna HELFO og Statens Pensjonskasse. Utbetalingsmåten går fram av folketrygdlova § 22-18.

Korleis endarar du kontonummer dersom du har utbetalingar frå kommunen

Du kan ikkje endre kontonummeret i Ditt NAV dersom det gjeld utbetalingar frå kommunen, til dømes økonomisk sosialhjelp og kvalifiseringsstønad. Da må du ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor for å endre kontonummeret ditt.

Korleis endre kontonummeret dersom du har utbetalingar frå Husbanken

Du kan ikkje endre kontonummeret i Ditt NAV dersom det gjeld utbetalingar frå Husbanken, til dømes bustøtte. Då må du logge deg på husbanken.no.

Da må du kontakte bustøttekontoret i din kommune dersom du vil endre kontonummeret. På kommunen sin nettside finn du kontaktinformasjon.

Utbetaling til utanlandsk bankkonto

Som hovudregel utbetalar NAV til norsk bankkonto. Har du ikkje bankkonto i Norge bør du oppgje kontonummer i utanlandsk bank dersom du har det. For nokre ytingar er det likevel ein føresetnad at du oppheld deg i Noreg.

Dersom du oppgjev eit kontonummer i ein utanlandsk bank må du vere merksam på at det kjem eit gebyr for kvar utbetaling og at det kan ta litt lengre tid før pengane er på din konto.

Ikkje moglegheit til å melde frå elektronisk?

Har du ikkje moglegheit til å nytte nettenesta og skal melde frå om bytte frå ein norsk konto til en annan, nyttar du skjemaet Melding om nytt bankkontonummer.

Det krevst meir informasjon for utbetaling til ein utanlandsk bankkonto, og du må derfor fylle ut eit anna skjema: Kontoendring (internasjonalt).

Dersom du vil melde frå om mellombels postadresse og vil sende det i posten, fyller du ut skjemaet "Melding om midlertidig postadresse i NAV". Varig adresseendring må du melde til folkeregisteret.

Utfylt skjema sender du til adressa som står på førstesida på skjemaet. Hugs underskrift på skjemaet.

Har du spørsmål?

Kontakt oss gjerne på telefon 55 55 33 33. Du må alltid oppgje fødselsnummeret ditt når du tar kontakt med NAV. Da kan vi lettare gje deg rask og god hjelp.