Utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk

Her ser du generell informasjon om utbetalingar frå NAV. I oversikta for kvar yting får du informasjon om utbetalingsdatoar, feriepengar og kva månadar det blir trekt lågare eller ingen skatt.

Generelt om utbetalingar frå NAV

Kva dato du får utbetalingane dine frå NAV kan variere noko frå månad til månad. Når på dagen pengane er på konto, vil variere fordi det er banken din som overfører pengane til deg. På Dine Utbetalinger vil du sjå utbetalinga på kvelden den dagen pengane er utbetalt.

Ver òg merksam på at datoane er dei dagane NAV garanterer at pengane skal vere på kontoen din. Pengane blir overført frå NAV til bankane nokre dagar før utbetalingsdato, slik at enkelte vil ha pengane på konto før utbetalingsdatoen frå NAV.

Dersom du ikkje har fått pengane til forventa tid, kan du kontakte oss på telefon.

Sjekk gjerne også at du har lagt inn korrekt bankkontonummer på «Ditt NAV», for å unngå at utbetalinga blir forseinka. 

Utbetaling av ytingar frå NAV til utenlandske kontoar kan ta lenger tid.  

Dersom det skulle oppstå ein teknisk feil som fører til at mange vil få utbetalinga seinare enn venta, vil vi opplyse om det på framsida av nav.no.

Når det gjeld skattetrekk på ytingar frå NAV, er det Skatteetaten som har ansvar for skatt og skattekort. Frivillig skattetrekk blir òg trekt i juni og desember, med mindre du melder frå om at det skal bli stoppa i god tid før utbetalingsdato.

På sida ferie og feriepengar kan du sjå kven som har rett til feriepengar, og kva du må gjere dersom du skal på ferie.