EURES-tenester i NAV Vestland hjelper arbeidsgivarar med å finne arbeidskraft innanfor EØS. Vi hjelper også arbeidssøkjarar med å finne ledige stillingar innanfor same område.

NAV Arbeidsrådgiving Vestland hjelper NAV-kontora i fylket med rådgiving, rettleiing og avklaring av arbeidssøkjarar.

Senter for jobbmestring er ett tilbod til deg med angst eller depresjon som vil ha hjelp til å behalde eller kome tilbake i jobb.