Publisert 28. februar 2019|Oppdatert 4. mars 2019
I februar var arbeidsløysa i Hordaland og Sogn og Fjordane til saman på 2,5 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på nær 600 personar i høve til februar i fjor.
I februar sank den sesongjusterte arbeidsløysa med nær 400 personar, samanlikna med januar. Tek vi med personar i arbeidsmarknadstiltak, er nedgangen på nær 100 personar.
NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland frå nyttår, og har sidan gitt ut felles pressemelding om arbeidsmarknaden i dei to fylka.
I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,7 prosent av arbeidsstyrken - ein nedgang på 671 personar i høve til i fjor, medan Sogn og Fjordane framleis har lågast arbeidsløyse i landet (1,8 %), til trass for ein liten auke på 74 personar. Tala som følgjer er tal for begge fylka samla.
Sprik i laget
Den positive trenden i marknaden held fram, og direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes, er spesielt nøgd med å sjå at delen langtids-arbeidssøkarar går ned med heile 13 prosent denne månaden. Også førre månad var nedgangen stor for denne gruppa.
–Vi veit at risikoen for å falle ut av arbeidslivet permanent aukar dess lenger ein går ledig, og difor er det særskilt gledeleg å sjå at det er mange i denne gruppa som får ta del i oppgangen i marknaden, og finn vegen attende til arbeidslivet, seier Bogsnes.
I områda som var hardt råka av nedgangen innan oljerelatert verksemd, er det framleis sprik i laget. Stord har berre 1,9 prosent ledige, medan marknaden går tregare i Øygarden (3,8 %), Fjell (3,4 %) og Sund (3,1 %).
– Det er likevel positivt å sjå at Øygarden trass alt har ein solid nedgang i arbeidsløysa, samanlikna med i fjor (-19 %). Marknaden i vest er delvis prega av underleverandørar og vedlikehald, noko som kan forklare at det har teke lenger tid å kome i gong enn for dei områda som er meir direkte involvert i oljeutvinning, seier Bogsnes.
Stor nedgang på Osterøy
Det er flest ledige innan bygg og anlegg (1108), industriarbeid (1005) og butikk- og salsarbeid (994), medan det er færrast ledige innan akademiske yrke (129), blant leiarar (148), og innan jordbruk, skogbruk og fiske (193).
Størst nedgang i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi denne månaden på Osterøy (-52 personar) og på Stord (-51 personar). I Bergen kommune er det no 4365 ledige, som er 370 færre enn i fjor.
I februar er det høgast arbeidsløyse i Ulvik (4,3 %), Øygarden og Austrheim (3,8 %), medan Hornindal (mindre enn 1 prosent), Granvin (1 %), Vik og Gaular (begge 1,1 %) har færrast ledige i dei to fylka.
Arbeidsløysa i heile Noreg samla, er 2,5 prosent i februar.
Nøkkeltal for Vestland
Februar 2019 | Endring frå februar 2018 | |
Heilt ledige | 8428 | -597 |
I prosent av arbeidsstyrken | 2,5 % | -7 % |
Langtids arbeidssøkarar | 3650 | -13 % |
Ledig ungdom under 25 år | 1315 | 10 % |
Tilgang på ledige stillingar | 5179 | 7 % |
I november 2018 opna NAV ein ny registreringsløysing for alle som registrerar seg som arbeidssøkarar på nav.no. Den nye løysinga gjer det både enklare og raskare å registrere seg som arbeidssøkar, og inneber mellom anna at arbeidssøkarane kjem raskare inn i statistikken. Endringa fører til eit brot i statistikken slik at tala ikkje kan samanliknast med tidlegare periodar. Dei sesongjusterte tala justerte og kan difor samanliknast med tidlegare periodar.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Birgitte B. Lygre, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96