Den sesongjusterte arbeidsløysa auka med 30 personar i november, samanlikna med oktober. 

NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland frå nyttår, og har sidan gitt ut felles pressemelding om arbeidsmarknaden i dei to fylka.

I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,1 prosent av arbeidsstyrken. Nedgangen, på nær 1 200 personar i høve til i fjor, er størst i landet. Sogn og Fjordane har framleis lågast arbeidsløyse i landet med 1,3 prosent. Tala som følgjer er tal for begge fylka samla. 

Færre permitterte

Gode tider i arbeidsmarknaden gir mange positive ringverknader. Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes merker seg mellom anna at mange som har vært arbeidssøkarar i lang tid, no har kome seg i arbeid.

– Det er ei nedgang på 25 prosent i arbeidsløysa blant dei som har vore arbeidssøkarar i over to år. Vi ser også ein solid nedgang i tal permitterte. Det tydar på at det går bra i næringslivet for tida, seier Bogsnes.

Det er flest ledige innan butikk- og salsarbeid (756),) serviceyrke og anna arbeid (723) og reiseliv og transport (722), medan det er færrast ledige innan akademiske yrke (102) og jordbruk, skogbruk og fiske (127).

Mange kommunar med svært låg arbeidsløyse

Størst nedgang i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi denne månaden på Askøy (-119 personar) i Fjell (-101 personar), og i Kvinnherad (-47 personar). I Bergen kommune er det no 3 531 ledige, som er 689 færre enn i fjor.

I november er det høgast arbeidsløyse i Modalen (4,4 %), Eidfjord (3,2 %), og Øygarden (3,0 %), medan ni av dei 59 kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane har mindre enn 1 prosent ledige.
Arbeidsløysa i heile Norge samla, er 2,1 % prosent i november.

Nøkkeltal for Vestland

 

November 2019

Endring frå november 2018

Heilt ledige

6640

-1225

I prosent av arbeidsstyrken

2,0 %

-16 %

Langtids arbeidssøkarar

2901 

- 20%

Ledig ungdom under 25 år

1007

- 15 %

Tilgang på ledige stillingar

3467

6 %

I november 2018 opna NAV ein ny registreringsløysing for alle som registrerer seg som arbeidssøkarar på nav.no. Den nye løysinga gjer det både enklare og raskare å registrere seg som arbeidssøkar, og inneber mellom anna at arbeidssøkarane kjem raskare inn i statistikken. Endringa fører til eit brot i statistikken slik at tala ikkje kan samanliknast med tidlegare periodar. Dei sesongjusterte tala er justerte og kan difor samanliknast med tidlegare periodar.


For kommentar til meldinga, kontakt:

Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Birgitte B. Lygre, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96