Publisert 9. april 2019|Oppdatert 2. oktober 2020
I 2018 betalte NAV ut 430 milliardar kroner i statlege ytingar til personar busett i Norge. Det svarar til 1,2 milliardar utbetalt kvar dag.
Utbetalingane til personar busett i Hordaland og Sogn og Fjordane svarar til 139 millionar kvar dag i 2018.
I likskap med resten av landet, utgjer alderspensjon om lag halvparten av beløpet i Vestland (Hordaland og Sogn og Fjordane).
80 000 per innbyggar
I snitt fekk kvar innbyggar i Sogn og Fjordane 80.086 kroner i løpet av 2018, medan personar busett i Hordaland fekk 77.744 kroner. Snittet per innbyggar er lågast i Førde med 67.577 kroner, og høgast på Fedje med 97.747 kroner.
Utbetalingane til alderspensjon aukar med fem prosent i begge fylka samanlikna med 2017, medan uføretrygd aukar med sju prosent i Hordaland, og tre prosent i Sogn og Fjordane.
Samstundes er utbetalingar til dagpengar redusert med heile 26 prosent i Hordaland og 18 prosent i Sogn og Fjordane. Utbetaling til arbeidsavklaringspenger (AAP) er redusert med sju prosent i Hordaland og fem prosent i Sogn og Fjordane.
– Denne statistikken syner at arbeidsmarknaden er i betring, men at vi samstundes har ei aldring av befolkninga og ein urovekkande auke på uføretrygd, seier direktør for NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.
Pensjonistar er flest og fikk mest
Alderspensjon utgjer den største gruppa mottakarar i løpet av 2018, med totalt 25,7 milliardar utbetalt i Hordaland og Sogn og Fjordane i 2018. Det blei utbetalt 8,8 milliardar i uføretrygd og yrkesskade, 4,6 milliardar i sjukepengar og 3,5 milliardar i arbeidsavklaringspenger (AAP).
– Kvar tredje person i arbeidsfør alder i Norge fekk ei livsopphaldsyting frå NAV på eitt eller anna tidspunkt i løpet av 2018. Vi er privilegerte som lever i eit land der fellesskapet kan hjelpe enkeltmenneske som har behov for det, men det er ingen tvil om at vi må få fleire i arbeid i åra som kjem for å kunne oppretthalde dagens velferdsnivå, seier Bogsnes.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Frode Henden, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 918 35 704
Birgitte B. Lygre, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96