Om Webinar
NAV tilbyr kurs som webinar.
Kva er eit webinar?
Eit webinar er eit nettbasert kurs eller seminar. Alt du treng for å delta er ei datamaskin, nettbrett eller telefon med internett.
Kva skjer på webinaret?
På webinaret vil ein rådgjevar halde ein presentasjon som tek inntil 30 minutt.
Kan eg stille spørsmål under webinaret?
Ja, det er mogeleg å stille spørsmål undervegs via chat-funksjon og e-post. Vi svarer så raskt vi kan.
Korleis deltek eg?
Du melder deg på webinaret her: nav.no/kurswebinar. I forkant av webinaret får du ein e-post med informasjon om korleis du loggar deg på.
Anbefalingar
Kople deg på i god tid før webinaret startar, slik at du får sjekke at det tekniske fungerer.
Brannmur
Brannmur hjå verksemda di kan føre til at du ikkje får kople deg opp frå datamaskin. Som regel kan du delta på webinar om du har tilgang til Youtube.
Presentasjonar
Her finn du presentasjonar frå tidlegare webinar.