Svak auke i talet på uføretrygda

Ved utgangen av september var det 5 574 personar i Sogn og Fjordane som tok i mot uføretrygd. Dette er 28 fleire enn i september i fjor og svarar til ein auke på 0,5 prosent. På landsnivå er det ein auke på 11 230 personar, tilsvarande 3,5 prosent.

– Det er gledeleg at talet på uføre aukar mindre i Sogn og Fjordane enn på landsnivå. Dette skuldast mellom anna den gode arbeidsmarknaden vi har her i fylket. Generelt har auken i talet på uføretrygda dei siste åra samanheng med innstrammingar i reglane for arbeidsavklaringspengar (AAP) og demografiske endringar, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.)

Størst auke i aldersgruppa 18-29 år

Samanlikna med september i fjor, er det størst auke i talet på uføretrygda i aldersgruppa 18-29 år. Auken her er på 5 prosent. På landsnivå er det ein auke på 14 prosent i denne gruppa.

– Unge uføre er ei lita gruppe i Sogn og Fjordane og vi følgjer utviklinga nøye. Når unge menneske får innvilga uføretrygd, er det gode grunnar til det, seier Thorsnes.

Aldersgruppene 50-59 år og 62-64 år har ein reduksjon på høvesvis 1 prosent og 6 prosent. Elles er det ein liten auke i dei andre aldersgruppene.

Liten auke i prosentdel uføre i befolkninga

I Sogn og Fjordane er det 8,3 prosent av befolkninga i aldersgruppa 18-67 år som tek imot uføretrygd, det er ein auke på 0,1 prosentpoeng frå september i fjor. På landsnivå har prosentdelen uføre auka frå 9,6 til 9,8 prosent.

Flest i jobb i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane var det per september i år 22 prosent av dei uføretrygda som hadde ein gradert uføretrygd, det same som i september i fjor.

På landsnivå hadde 17 prosent gradert uføretrygd, også det det same som året før.

Samstundes er 23 prosent av dei uføretrygda i Sogn og Fjordane registrert med eit arbeidsforhold, noko som er best i landet. På landsnivå er 18 prosent registrert med eit arbeidsforhold.

Av dei nye mottakarane av uføretrygd hittil i 2018, har 35 prosent ein gradert uføretrygd. I same periode i 2017 var talet 30prosent. På landsnivå er prosentdelen 25 prosent, det same som året før.

– Bruk av gradert uføretrygd er positivt fordi det gir mottakaren moglegheit til å ta del i arbeidslivet og nytte den arbeidsevna som mange uføre, trass i helseutfordringar, gjerne vil nytte. I eit fylket med aukande mangel på kvalifisert arbeidskraft er dette bra både for den enkelte og næringslivet, seier Thorsnes.