Svak auke i talet på uføretrygda

Ved utgangen av mars var det 5 588 personar i Sogn og Fjordane som tok i mot uføretrygd. Dette er 58 fleire enn i mars i fjor og svarar til ein auke på 1,0 prosent. På landsnivå er det ein auke på 8 071 personar, tilsvarande 2,5 prosent.

– Auken har truleg samanheng med innstrammingar i reglane for arbeidsavklaringspengar (AAP) og demografiske endringar. Det er likevel positivt at Sogn og Fjordane har ein mindre auke enn landsgjennomsnittet, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Størst auke i dei yngste aldersgruppene

Samanlikna med mars i fjor, er det størst auke i talet på uføretrygda i aldersgruppene 18-29 år og 30-39 år. I desse gruppene er det ein auke på høvesvis 9,5 og 7,6 prosent. Aldersgruppene 45-49 år, 55-59 år og 65-67 år har også ein auke, mens det i aldersgruppene 40-44 år, 50-54 år og 60-64 år er ein reduksjon.

– Auken i dei yngste aldersgruppene skuldast delvis avviklinga av ordninga med tidsavgrensa uførstønad, men må også sjåast i samanheng med at fleire med alvorlege sjukdommar overlever lenger på grunn av betre medisinsk behandling, seier Thorsnes.

Liten auke i prosentdel uføre i befolkninga

I Sogn og Fjordane er det 8,3 prosent av befolkninga i aldersgruppa 18-67 år som tek imot uføretrygd, det er ein auke på 0,1 prosentpoeng frå mars i fjor. På landsnivå har prosentdelen uføre auka frå 9,5 til 9,7 prosent.

Flest i jobb i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane var det per mars i år 22 prosent av dei uføretrygda som hadde ein gradert uføretrygd, det same som i mars i fjor. Samstundes er 23 prosent av dei uføretrygda registrert med eit arbeidsforhold, noko som er best i landet. På landsnivå hadde 17 prosent gradert uføretrygd, også det det same som året før.

Av dei nye mottakarane av uføretrygd hittil i 2018, hadde 31 prosent ein gradert uføretrygd. I same periode i 2017 var talet 34 prosent. På landsnivå er prosentdelen 25 prosent, mot 26 prosent i same periode året før.

– Det er eit mål for NAV at flest mogleg skal kunne vere i jobb til tross for helsemessige utfordringar. Bruk av gradert uføretrygd er positivt fordi det gir mottakaren moglegheit til å ta del i arbeidslivet og nytte den arbeidsevna som mange uføre tross alt har. Dette er positivt både for den enkelte og for samfunnet, seier Thorsnes.