Nedgang i sjukefraværet

Det legemelde sjukefråværet i Sogn og Fjordane gjekk ned frå 4,7 prosent i 2. kvartal 2017 til 4,5 prosent i 2. kvartal 2018. På landsnivå har sjukefråværet gått ned frå 5,2 til 5,0 prosent.

Berre Oslo og Rogaland har lågare sjukefråvær enn Sogn og Fjordane. 

– Årsaka til nedgangen i det legemeldte sjukefråværet kan vere at påsken var i andre kvartal i fjor og i første kvartal i år. Påsken påverkar nivået på avtalte dagsverk, det vil seie at sjukefråværsprosenten blir noko høgare i eit kvartal med påske enn eit kvartal utan.

Likevel er det grunn til å trekkje fram at Sogn og Fjordane har eit stabilt lågt sjukefråvær og at mange verksemder jobbar godt for å få ned sjukefråværet, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Blant kvinner gjekk sjukefråværet ned frå 6,0 prosent i 2. kvartal 2017 til 5,8 prosent i 2. kvartal 2018. Blant menn har det vore ein nedgang frå 3,5 til 3,4 prosent.

Høgast fråvær innan helse og sosial

Sjukefråværet er høgast innan helse- og sosialtenester med 6,2 prosent. Deretter kjem bergverksdrift og utvinning med 6,0 prosent. Lågast sjåkefråvær er det innan finansierings- og forsikringsverksemd og informasjon og kommunikasjon.

Størst nedgang blant eldre

Personar i aldersgruppene 65-69 år og 30-34 år, har størst nedgang i sjukefråværet (høvesvis 15 og 12 prosent). Aldersgruppa 16-19 år har størst auke i sjukefråværet, men det er forholdsvis få personar i denne gruppa, noko som gir store variasjonar frå kvartal til kvartal.  Det er ein klar tendens at sjukefråværet er lågast i dei yngste aldersgruppene og høgast i dei eldste.

Størst nedgang i Vik

Vik, Hyllestad og Gaular har størst nedgang i sjukefråværet, med høvesvis 38, 35 og 31 prosent. Balestrand med 28 prosent og Selje med 27 prosent har den største auken. Solund har høgast sjukefråvær med 6,1 prosent. Deretter kjem Selje med 5,8 prosent. Hornindal og Vik har lågast sjukefråvær (2,8 prosent og 3,3 prosent).

– Endringane i den enkelte kommune frå kvartal til kvartal er oftast tilfeldige utslag og det er difor viktig å sjå sjukefråværsutvikling over tid og ikkje berre for eit einskild kvartal, seier Thorsnes.

Færre med gradert sjukemelding

Prosentdelen med gradert sjukemelding er redusert frå 30 til 28 prosent. På landsnivå er graderinga uendra på 27 prosent. 32 prosent av kvinnene i Sogn og Fjordane har ein gradert sjukmelding, mot 21 prosent av mennene.

– All forsking viser at det er viktig for sjukmelde å holde kontakten med arbeidslivet når det er mogleg. Det er difor ynskjeleg med så høg gradering som mogeleg for at ikkje arbeidstakarane skal stå i fare for å bli verande varig utafor, seier Thorsnes.  

Oversikt over sjukefråværet i kommunane finn du her