Nedgang i arbeidsløysa, men ikkje for seniorar

–Trass i den positive utviklinga, er eg uroa og forundra over at stadig fleire godt vaksne arbeidssøkjarar framleis står utan arbeid i trivselsfylket, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

– Vi registrerer faktisk ein auke på 30 prosent i talet på ledige over 50 år det siste året. Dette  i ein situasjon der fleire bransjar strevar med å få tak i nye medarbeidarar. Dette er kompetent og påliteleg arbeidskraft med lang erfaring. Eg oppmodar bedriftene til å sjå ein gong til på søknaden eller kontakte NAV, som kan finne godt kvalifiserte og motiverte arbeidstakarar i denne aldersgruppa, seier Thorsnes.

Lågast i landet

Ved utgangen av september var det 847 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 25 færre enn for eitt år sidan og svarar til ein reduksjon på 3 prosent. Med ei arbeidsløyse på 1,4 prosent, har Sogn og Fjordane framleis lågast arbeidsløyse i landet saman med Oppland.

På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 12 prosent frå same månad i fjor. Det er no 68 879 heilt ledige, tilsvarande 2,5 prosent av arbeidsstyrken.

Størst auke i Hyllestad

Hyllestad har 28 fleire ledige enn i september i fjor. Med 40 heilt ledige, tilsvarande 5,3 prosent, har kommunen høgast arbeidsløyse i Sogn og Fjordane.

– Situasjonen i verftsindustrien og ringverknader av dette, som også fører til nokre permitterte (15 personar), er mykje av forklaringa, seier Thorsnes.

16 av kommunane i Sogn og Fjordane har ein reduksjon i arbeidsløysa i september, mens 9 har ein auke. Størst reduksjon har Sogndal og Eid, med høvesvis 14 og 13 færre ledige enn på same tid i fjor.  I tillegg til Hyllestad, har Høyanger ein monaleg auke (+ 14 personar).

Solund og Hornindal, begge med 0,5 prosent, har lågast arbeidsløyse.

Størst nedgang innan reiseliv og transport

Samanlikna med september i fjor, er nedgangen i arbeidsløysa størst innan reiseliv og transport med 14 færre ledige og ingeniør og ikt-fag med 11 færre. Størst auke er det innan bygg og anlegg og industri, med høvesvis 17 og 13 fleire ledige.

I september var det 75 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 33 fleire enn same månad i fjor. 23 av desse kjem frå bygg og anlegg og 31 frå industri (av dette 8 frå fiskeindustrien).

Positivt for ungdom og langtidsledige

– Det er ein klar tendens til at arbeidsløysa går ned blant yngre og aukar blant eldre arbeidstakarar. Dette har truleg samanheng med alderssamansetninga i dei bedriftene og næringane som blir råka av høgare arbeidsløyse. I tillegg satsar NAV mykje på å få yngre arbeidslause i aktivitet gjennom ulik virkemiddelbruk, fortel Thorsnes.

I september var det 83 færre ledige i aldersgruppene under 40 år, mens det var 58 fleire ledige i gruppene over 40 år. Vi registrerer ei positiv utvikling for dei langtidsledige, med 54 færre langtidsledige over 26 veker, noko som svarar til ein reduksjon på 23 prosent.

Fleire nye stillingar

Tilgangen av registrerte ledige stillingar har auka med 22 prosent, samanlikna med september i fjor. Auken er størst innan ingeniør- og ikt-fag. Det er flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg, bygg/anlegg og industri.