Lågaste arbeidsløyse på 10 år

I juni er det 742 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 104 færre enn i juni i fjor og svarar til ein reduksjon på 12 prosent.
–Vi har ikkje hatt så få ledige på 10 år. Ein god arbeidsmarknad og aktiv bruk av arbeidsmarknadstiltak bidreg til det låge talet, seier Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane.

Med ei arbeidsløyse på 1,3 prosent, har Sogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet. Nærast er Oppland med 1,4 prosent. På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 15 prosent frå juni i fjor. Det er no 60 738 heilt ledige, tilsvarande 2,2 prosent.

– Vi ser fleire teikn til at arbeidsmarknaden stadig utviklar seg positivt. Det blir færre nye ledige som melder seg hos NAV og arbeidsinnvandrarar som har vore utan jobb ein stund, kjem no i arbeid att. Ser vi litt framover, blir det største problemet truleg å skaffe nok arbeidskraft, seier Thorsnes.

Størst reduksjon i Flora

18 av kommunane i Sogn og Fjordane har ein reduksjon i arbeidsløysa i juni. Størst reduksjon har Flora med 39 færre ledige enn på same tid i fjor.

12 av kommunane har ei arbeidsløyse på under 1,0 prosent. Aller lågast er Aurland med berre 0,4 prosent. I den andre enden finn vi Selje med 3,7 prosent.

Størst reduksjon innan industri, bygg og anlegg

Nedgangen i arbeidsløysa er størst innan industri og innan bygg og anlegg, med høvesvis 29 og 28 færre ledige enn i juni i fjor.

I juni var det berre 33 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 49 færre enn same månad i fjor. 22 av dei permitterte kjem frå industri, av dette 12 frå fiskeindustrien.

Størst nedgang i aldersgruppa 40-49 år

Det er nedgang i arbeidsløysa i alle aldersgrupper, sett bort frå dei under 20 år (det er få ledige i denne gruppa). Aldersgruppa 40-49 år har størst reduksjon med 22 prosent.

Fleire ledige stillingar

Det vart registrert 476 nye ledige stillingar i juni, ein auke på 7 prosent frå juni i fjor. Auken er størst innan bygg og anlegg og industriarbeid. Det er flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg og innan bygg og anlegg.