Låg arbeidsløyse i november

– Høg aktivitet innan fiskeria, bygg og anlegg og industri kjenneteiknar denne hausten og fører til høg etterspurnad etter arbeidskraft og låg arbeidsløyse i fylket, fortel Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane.

Ved utgangen av november var det 809 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Med ei arbeidsløyse på 1,4 prosent har Sogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet. Troms er nærast med 1,6 prosent. På landsnivå er det 62 434 heilt ledige, tilsvarande 2,3 prosent.

Enklare registrering gir brot i statistikken

I november 2018 lanserte NAV ei ny registreringsløysing for alle som registrerer seg som arbeidssøkjarar på nav.no. Registreringa er no mindre omfattande og fører til at det går kortare tid frå arbeidssøkjarane registrerer seg til dei kjem inn i statistikken. NAV reknar med at det på landsnivå er registrert omkring 2 500 fleire heilt ledige i november 2018 enn det ville vore utan den nye registreringsløysinga.

– Registreringa er no enklare og raskare for nye arbeidssøkjarar, men medfører at tal registrerte heilt ledige har auka. Når vi justerer for effekten av den nye registreringsløysinga, har vi hatt en nedgang i arbeidsløysa i november, seier Thorsnes.

Lågast arbeidsløyse i Hornindal

Alle kommunane, sett bort frå Høyanger, har ei arbeidsløyse på under 2,0 prosent. Aller lågast er Hornindal med 0,2 prosent medan Høyanger har høgast arbeidsløyse med 2,0 prosent. 

Mest ned i industrien

Sjølv med den nye registreringsløysinga, har arbeidsløysa gått mykje ned i industrien. Her er det no berre 131 heilt ledige.

– Mykje av årsaka er at det for tida er svært få permitterte, seier Thorsnes.

I november var det 29 heilt permitterte i Sogn og Fjordane. Av dei berre to i fiskeindustrien.

Størst nedgang for dei over 40

Det er aldersgruppene over 40 år som står for nedgangen i arbeidsløysa. I dei yngre aldersgruppene er arbeidsløysa litt aukande.

Fleire ledige stillingar

Det vart registrert 341 nye ledige stillingar i november, ein auke på 9 prosent frå november i fjor. Auken er størst innan bygg og anlegg og det er som vanleg flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg.

Det er særleg mange nye ledige stillingar i Førde (98) og Sogndal (51). I Førde er det flest nye stillingar innan helse, pleie og omsorg, mens det i Sogndal er flest innan undervisning.