Rekruttering

Treng bedrifta di nye medarbeidarar? NAV Rogaland hjelper deg med å finne kompetansen som bedrifta di treng.

Sjå oversikta over rekrutteringskontaktane i NAV-kontora og marknadsteama i regionen din.

NAV Rogaland hjelper bedrifta di med å finne kompetansen de treng. Vi kjenner dei lokale forholda og kan gi individuelt tilpassa tenester, alle kostnadsfrie.

Vi kan:

  • hjelpe deg med å rekruttere kandidatar lokalt, regionalt og nasjonalt til ulike bransjar
  • avklarer aktuelle kandidatar
  • inngå samarbeidsavtale med verksemda/bedrifta di
  • hjelpe deg med å rekruttere arbeidskraft frå Europa, når det ikkje er kvalifisert arbeidskraft i Noreg

Vi arrangerer jobbmesser og legg til rette for bedrifta di dersom du har større rekrutteringsbehov. 

Dette kan du gjere sjølv

På nav.no kan du lyse ut stillingar og søkje etter kandidatar.    

Tilskot, arbeidstrening og tilrettelegging  

NAV har tilskot, arbeidstrening og tilrettelegging som kan vere aktuelt dersom du har tilsette som står i fare for å falle ut av arbeidslivet, eller dersom du ønskjer å gi nye arbeidssøkjarar ein sjanse til å kome i jobb. Her kan NAV bidra med for eksempel lønnskompensasjon og hjelp til å leggje arbeidsplassen til rette. For meir informasjon sjå vegvisar for inkludering.