4,1 prosent arbeidsløyse i Rogaland

Arbeidsløysa gjekk svakt ned i desember og den sesongjusterte bruttoarbeidsløysa** er 4,1 prosent. – Det er gledeleg å konstatera at den sesongjusterte arbeidsløysa falt gjennom heile 2017. Me kan sjå tilbake på 12 samanhengande månader med reduksjon i talet heilt arbeidslause, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.

Sesongjustert arbeidsløyse i Rogaland: Desember 2015 - desember 2017

graf desember 2017

 

Tala under er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er samanlikna med same periode i fjor.

Ved utgangen av desember var 8 059 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Jamført med same månad i 2016 er dette ein nedgang på 31 prosent. 2 448 arbeidssøkjarar deltok i eit arbeidsretta tiltak i desember. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 10 507 personar, tilsvarande 4,2 prosent av arbeidsstyrka.

– Vi trur at den positive utviklinga på arbeidsmarknaden held fram i 2018, seier Truls Nordahl. Det siste året viser fleire undersøkingar at det er meir optimisme i næringslivet i Rogaland, og talet med varslar om driftsinnskrenkningar i 2017 er på same nivå som før oljenedturen starta hausten 2014.

Store kommunevise variasjonar i arbeidsløysa

Det er store skilnader mellom kommunane i delen arbeidslause. Størst arbeidsløyse er det i Sola, Sandnes og Stavanger der bruttoarbeidsløysa i desember er høvesvis 4,9 prosent, 4,9 prosent og 4,7 prosent. Kommunane med lågast bruttoarbeidsløyse er Suldal, Bjerkreim og Lund med høvesvis 0,8 prosent 1,9 prosent og 2,0 prosent.  - Det er viktig å understreke at arbeidsløysa framleis er relativt høg i Stavangerregionen, seier Truls Nordahl. 

1 694 utlyste stillingar i desember

Det vart utlyst 1 694 ledige stillingar i Rogaland i desember. NAV starta i 2017 arbeid med å auke delen stillingar på nav.no slik at NAV og arbeidssøkjarar i Noreg kan finne fleire ledige jobbar. Ved tolking av statistikk over tilgang ledige stillingar bør ein merke seg dette. Auken kan difor ikkje tolkast som ein direkte auke i etterspørsel etter arbeidskraft.

Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i desember var ingeniør- og ikt-fag (329), helse, pleie og omsorg (328), og industriarbeid (159).

Arbeidsmarknaden i Rogaland: Desember 2017 samanlikna med desember 2016

Nøkkeltal

Desember 2016

Desember 2017

Heilt utan arbeid   16 – 67 år

11 617 (4,5%)

 8 059 (3,2%)

Arbeidsretta   tiltak

  2 355 (0,9%)

 2 448 (1,0%)

Bruttoarbeidsløyse**

13 972 (5,4%)

10 507 (4,2%)

Unge heilt utan   arbeid 16 – 29 år

  2 987

  1 901

Langtids-arbeidssøkjarar  (26 veker eller   meir)

  5 917

  4 506

Delvis ledige

  4 617 (1,8%)

  3 497 (1,4%)

Utlyste stillingar

     738

  1 694

Fakta

*Sesongvariasjonar er naturlege svingingar uavhengig av konjunkturar i arbeidsmarknaden. Semesterslutt for studentar og verksemdene sine kontrakts-periodar er nokre eksempel.

 

**Summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa.