2,7 prosent arbeidsløyse i Rogaland

Den positive utviklinga i arbeidsmarknaden ser ut til å fortsette. Ved utgangen av juli var bruttoarbeidsløysa** i Rogaland 2,7 prosent av arbeidsstyrken.

– Justerer vi for sesongvariasjonar held arbeidsløysa seg stabil i juli, seier Egil Tengs, fungerande direktør i NAV Rogaland, og forklarar: – Arbeidsløysa aukar vanlegvis om sommaren. Dette kjem av at mange normalt avsluttar studium, prosjekt eller kontraktperiodar på denne tida kvart år, noko som ofte fører til at fleire registrerar seg som arbeidssøkjarar.

Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: Juli 2017 – Juli 2019:

Graf arbeidsløyse juli17-juli19

 

Tala under er ikkje sesongjustert*.

I Rogaland er delen heilt utan arbeid 2,4 prosent av arbeidsstyrken. Dette er på nivå med gjennomsnittet for Noreg og samanlikna med same periode i fjor er det en nedgang på 18 prosent.

6 135 arbeidssøkjarar var heilt utan arbeid i juli, og 823 arbeidssøkjarar var deltakarar i arbeidsretta tiltak. Summen av heilt arbeidslause og personar på arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 6 958 personar, tilsvarande 2,7 prosent av arbeidsstyrken.

Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa

Av dei store bykommunane er det Stavanger som har høgast bruttoarbeidsløyse i juli, med 3,2 prosent. Kommunane Sandnes og Sola har 3,1 prosent, medan Haugesund og Karmøy har ei bruttoarbeidsløyse på høvesvis 2,7 og 2,1 prosent av arbeidsstyrken. Den lågaste arbeidsløysa finn vi i distrikta og særleg i indre Ryfylke.

Ledige stillingar

I juli vart det lyst ut 2 055 stillingar i Rogaland. Dette er ein nedgang på 14 prosent samanlikna med same periode i fjor. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i juli er Helse, pleie og omsorg (348) og Ingeniør- og ikt-fag (311). 

Arbeidsmarknaden i Rogaland. Juli 2019 samanlikna med juli 2018: 

 
Nøkkeltal Juli 2019 Juli 2018
Heilt utan arbeid 16 – 67 år 6 135 (2,4%) 7 440 (3,0 %)
Arbeidsretta tiltak 823 (0,3 %) 1 338 (0,5%)
Bruttoarbeidsløyse** 6 958 (2,7%) 8 778 (3,5%)
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år 1 658 1 832

Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir)

3 126 4 197
Delvis ledige 1 848 (0,7) 2 361 (0,9%)
Utlyste stillingar 2 055 2 499

 

Sjå vedlagde oversikter for meir informasjon. 

Fakta

*Sesongvariasjonar er naturlege svingingar uavhengig av konjunkturar i arbeidsmarknaden. Semesterslutt for studentar og verksemdene sine kontraktsperiodar er nokre eksempel.

**Summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa.