11 598 arbeidslause i Rogaland


Justert for sesongvariasjonar* viser bruttoarbeidsløysa** i Rogaland nedgang i august.
– Arbeidsmarknaden i Rogaland utviklar seg fortsatt i positiv retning, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.

Sesongjustert arbeidsløyse i Rogaland. August 2015 - august 2017

graf august 2017

 

Tala under er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er jamført med same periode i fjor.

Ved utgangen av august var 9 590 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Jamført med same månad i 2016 er dette ein nedgang på 18 prosent. 2 008 arbeidssøkjarar deltok i eit arbeidsretta tiltak i august. Dette gir ei bruttoarbeidsløyse** på 11 598 personar, tilsvarande 4,6 prosent av arbeidsstyrka. For eitt år sidan var bruttoarbeidsløysa 5,1 prosent.

Færre ledige i dei fleste yrkesgrupper
I august var det færre arbeidslause i nær alle yrkesgrupper jamført med august 2016. Det er størst nedgang i arbeidsløysa innan yrkesgruppene ingeniør- og ikt (-33 %).bygg- og anlegg (-31 %) og industriarbeid (- 29 %). 

1 844 ledige stillingar
Det vart utlyst 1 844 ledige stillingar*** i Rogaland i august og dette er 221 fleire enn i same månad i fjor. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar denne månaden var helse, pleie og omsorg (382), bygg og anlegg (361), butikk og salsarbeid (177) og industriarbeid (133).

***NAV starta i 2017 arbeid med å auke delen stillingar på nav.no slik at NAV og arbeidssøkjarar i Noreg kan finne fleire ledige jobbar.  Ved tolking av statistikk over tilgang ledige stillingar bør ein merke seg dette.

Arbeidsmarknaden i Rogaland august 2017 samanlikna med august 2016

Nøkkeltal

August 2016

August 2017

Heilt utan arbeid   16 – 67 år

11 748 (4,5%)

  9 590 (3,8 %)

Arbeidsretta tiltak

1 630 (0,6%)

  2 008 (0,8 %)

Bruttoarbeidsløyse**

13 378 (5,1%)

11 598 (4,6   %)

Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år

  3 265

  2 520

Langtids-arbeidssøkjarar  (26 veker eller   meir)

  6 343

  5 907

Delvis ledige

  3 978 (1,4%)

  3 534 (1,4 %)

Utlyste stillingar

  1 623

  1 844***

 

Delen sysselsette i Rogaland
Sjølv om Rogaland har den høgaste delen arbeidslause, har fylket framleis ein høgare del sysselsette enn snittet for landet. Tal frå Statistisk Sentralbyrå for 2 kvartal 2017 visar at medan 67,1% av befolkninga mellom 15 år – 74 år er sysselsette i Noreg, så er delen i Rogaland 68,4%. – Frå  2008 og fram til 2014 var Rogaland det fylket i Noreg som hadde høgast del sysselsette, fortel Nordahl.