Nedgang i sjukefråværet

I 2. kvartal 2018 er det legemeldte sjukefråværet i Rogaland på 4,4 prosent. I same periode i 2017 var det legemeldte sjukefråværet på 4,7 prosent. Rogaland og Oslo er fylka med lågast legemeldt sjukefråvær.

Det legemeldte sjukefråværet i Noreg er 5,4 prosent.

23,8 prosent av det legemelde sjukefråveret var gradert i 2 kvartal 2018. Sjølv om sjukefråveret er lågast i Rogaland er bruken av gradert sjukmelding mindre utbreidd her enn i resten av landet.

Den største årsaken til sjukefråver er muskel- og skjelett lidingar. 36,8 prosent av sjukefråveret i 2 kvartal er knytt til denne diagnosegruppa, og 22,4 prosent skuldast psykiske lidingar.

Sektorar og næringar

Det legemeldte sjukefråveret er 4,8 prosent i statlig forvaltning, 6,1 prosent i kommunal forvaltning og 3,9 prosent i privat og offentlig næringsverksemd. For kommunal forvaltning og privat og offentlig næringsverksemd  er fråveret det lågaste som har vore i 2. kvartal sidan 2015.

Det legemeldte sjukefråværet er høgast innan helse og sosialtenester med 6,9 prosent, medan bergverk og utvinning har eit sjukefråver på 2,9 prosent. Mange av verksemdene i olje og gassindustrien ligg inn under denne næringa. Lågast er sjukefråveret for informasjons og kommunikasjonssektoren med 2,5 prosent.