Færre mottakarar av arbeidsavklaringspengar i Rogaland

9 434 personar fekk arbeidsavklaringspengar (AAP) ved utgangen av september 2019 i Rogaland. Det er 3,1 prosent av befolkninga mellom 18 og 66 år. I Noreg er denne delen 3,4 prosent.

Samanlikna med september 2018, er det i underkant av 800 færre mottakarar av AAP i september 2019 i Rogaland. Totalt fekk 10 229 personar AAP på same tid i 2018.

I Rogaland mottar 2 269 personar under 30 år AAP ved utgangen av september 2019. Det er 3,0 prosent av befolkninga under 30 år. Rogaland ligger 0,1 prosent over landsgjennomsnittet for denne aldersgruppa.
Frå andre kvartal til tredje kvartal i 2019 er det færre mottakarar av AAP i alle fylka i landet.

Mottakarar av arbeidsavklaringspengar (AAP), statistikk per september 2019 for heile landet.