Bli med på workshop om ny CV-løysing i Sauda og Suldal i mars

NAV har utvikla ei ny CV-løysing. Vi hjelper deg med å flytte din CV hos NAV over i ny løsning.

NAV arrangerer workshops om ny CV- løysing i Sauda og Suldal denne månaden. Ta med deg din bærbare pc og benytt sjansen til å få råd og rettleiing om korleis du kan få ein så god CV som mogleg. Rettleiarar i NAV gir tips, råd og hjelp til å utnytte moglegheitene i ny CV-løysing hos NAV. Dei vil rettleie deg i korleis du får fram din kompetanse slik at arbeidsgjevar finn deg og din kompetanse interessant. Det er ofte et som trengs for å kome til intervju på ein stilling.

Program:

  • Gjennomgang av ny CV-løysing i plenum

  • Individuell hjelp til deg som ønskjer det

Er du på arbeidsavklaring håper vi at du kjem. Kartlegging av kompetanse er minst like viktig for både deg, NAV og ein eventuell arbeidsgjevar. Prøv ny CV-løysing allereie i dag. Du vil se at mykje av det du allereie har registrert hos NAV ligg her.

Velg stad og tidspunkt som passer og meld deg på

Bur du i Sauda kommune melder du deg på ved å velge tidspunkt som passer og trykke på lenka:

Bur du i Suldal kommune melder du deg på ved å velge tidspunkt som passer og trykke på lenka: