Møte om mogelegheiter for jobb i bilbransjen i Sverige

Tysdag 2.mai frå klokka 13.00 til 17.00 får du informasjon om rekrutteringsbehovet til bilbransjen i Trollhättan i Sverige. Dei treng ingeniører, og ser at kompetanse i frå olje- og gass næringa kan overførast til bilbransjen.

Informasjonsmøtet skjer på Mulighetsterminalen, Nedre Strandgate 89, 4005, Stavanger.

Meld deg på

Husk å ta med CV på norsk eller engelsk. Møtet går på norsk og svensk.

Program

13:00 - 13:10 Velkommen v/ EURES-tenesta i NAV

13:10 - 14:00 Behovet for ingeniørar i bilbransjen v/EURES Sverige, Combitech, ÅF Industry, MVV og Segula Technologies

14:00 - 14:15 Om Lernia og eit års studietilbod i mekanisk konstruksjon for bilbransjen

14:15 - 14:30 Om Yrkes Akademin og eit års studietilbod: E-drivsystemspecialist

14:30 - 14:50 Presentasjon om å jobbe og bu i Trollhättan, Sverige v/EURES Sverige

15:00 - 17:00 Mingling/samtalar med bedriftene, Lernia,Yrkes Akademin og EURES

Kursleverandøren Lernia tilbyr eit gratis kurs for maskin/mekaniske ingeniørar som kan tenke seg å jobbe i bilbransjen og Yrkes  Akademin tilbyr eit gratis  kurs i E-Drivsystem.

Vi gjer deg merksam på at norsk regelverk ikkje dekker dagpenger under utdanning i utlandet.

Meir informasjon om støtte til folkehøgskule/yrkesutdanning i Norden: www.lanekassen.no 
(Lernia og Yrkes  Akademin er  kursleverandørar som er eid av den svenske staten og fullføring av kurs gjer høgskulepoeng)