Stabil arbeidsløyse siste månad

Etter at arbeidsløysa har blitt redusert med om lag 500 dei fyrste månadane av 2017 har ho flata ut den siste månaden, seier fylkesdirektør Stein Veland.

Etter at arbeidsløysa har blitt redusert med om lag 500  dei fyrste månadane av 2017 har ho flata ut den siste månaden. Dette er same utvikling som i resten av landet, noko som gjer at vi framleis har ei arbeidsløyse som er 0,1 prosentpoeng høgare enn landsnittet. Vi ventar at faktisk arbeidsløyse vil stige noko gjennom sommaren, både på grunn av at mange arbeidsmarknadstiltak blir avslutta nå samstundes som nokre avsluttar skulegang utan å gå rett i arbeid, seier fylkesdirektør Stein Veland.

Møre og Romsdal

I juni  2017 er det 3 736 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,7 prosent av arbeidsstokken og er ein nedgang i arbeidsløysa på 10,3 prosent frå same månad i fjor.

I juni 2017 har vi 1051 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 298 fleire enn i juni 2016. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 4 787 personar i fylket. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,0 prosent for kvinner og 3,2 prosent for menn.

Landet

I landet er det 71 482 heilt arbeidslause. Dette er 2,6 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 11,7 prosent samanlikna med same periode i fjor.

 

Pressemelding for juni 2017 finn du her.