Stabil arbeidsløyse

– Den siste månaden har arbeidsløysa vore stabil på 2,2 prosent. Utviklinga det siste året har vore god i Møre og Romsdal med ein nedgang på over 10 prosentprosent, seier fylkesdirektør Stein Veland.

Stabil arbeidsløyse

– Den siste månaden har arbeidsløysa vore stabil på 2,2 prosent. Utviklinga det siste året har vore god i Møre og Romsdal med ein nedgang på over 10 prosent. Til samanlikning er nedgangen i landet det siste året på 2,8 prosent. Blant byane i fylket har Kristiansund den største nedgangen frå i fjor med 23,7 prosent. Molde har hatt ein nedgang på 10,6 prosent, medan Ålesund det siste året har hatt ein auke på 5,5 prosent, seier fylkesdirektør Stein Veland.

– I gruppa unge under 25 år har arbeidsløysa det siste året auka med 9 til 493. Arbeidsløysa i dei andre aldersgruppene går ned, og til dømes unge mellom 25 og 30 år har hatt ein stor reduksjon på nærare 17 prosent, seier Veland.

Heile pressemeldinga frå NAV Møre og Romsdal for november 2018 kan du lese HER

Pressemelding for heile landet med lenker til bakgrunnsmateriale finn du HER