Stabil arbeidsløyse

Tross fall i arbeidsløysa ned til lågaste nivå på to år får vi framleis inn varsel om permitteringar og oppseiingar. Slik vi nå vurderer marknaden er det ikkje usannsynlig at arbeidsløysa dei neste månadane kan stige noko, seier fylkesdirektør Stein Veland.

Talet på arbeidslause går som vanleg ned nokre hundre frå august til september. Nedgangen er omtrent som den brukar å være på denne tida, det betyr at korrigert for denne normale sesongsvingninga er arbeidsløysa no i september den same som den var i august. Dette kjem og til syne i figurane under. Tross fall i arbeidsløysa ned til lågaste nivå på to år får vi framleis inn varsel om permitteringar og oppseiingar. Slik vi nå vurderer marknaden er det ikkje usannsynlig at arbeidsløysa dei neste månadane kan stige noko, seier fylkesdirektør Stein Veland.

I september  2017 er det 3 564 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,5 prosent av arbeidsstokken og er ein nedgang i arbeidsløysa på 16,4 prosent frå same månad i fjor.

I september 2017 har vi 1 049 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 357 fleire enn i september 2016. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 4 613 personar i fylket. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 1,9 prosent for kvinner og 3,0 prosent for menn.

I landet er det 68 879 heilt arbeidslause. Dette er 2,5 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 12,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.


Pressemeldinga frå NAV Møre og Romsdal for august 2017 finn du her

Pressemelding for heile landet med lenkar til bakgrunnsmateriale finn du her