Framleis god utvikling i arbeidsløysa i Møre og Romsdal

I mars 2019 er 3 230 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,3 prosent av arbeidsstokken. Dette er ein nedgang i arbeidsløysa på 10 prosent samanlikna med same månad i fjor.

–  Reduksjonen i arbeidsløysa som vi har hatt det siste året held fram også den siste månaden i Møre og Romsdal. Når vi tek vi omsyn til dei vanlege sesongsvingingane er det 42 færre arbeidslause no enn ved utgangen av februar, seier direktør Stein Veland.

–  Det siste året har vi hatt nedgang i arbeidsløysa i alle arbeidsmarknadsregionane  i fylket. Størst er reduksjonen på indre Nordmøre, medan reduksjonen er minst på søre Sunnmøre. Samanlikna med landet har Møre og Romsdal hatt ei god utvikling det siste året. Nedgangen i vårt fylke har vore på 10 prosent medan landet i same perioden har hatt ein reduksjon i arbeidsløysa på knapt 4 prosent, seier Veland.

Pressemelding frå NAV Møre og Romsdal om arbeidsmarknaden for mars 2019

Pressemelding om arbeidsmarknaden for mars 2019 for heile landet