Færre utan arbeid i Møre og Romsdal

I juni 2019 er 2 735 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,0 prosent av arbeidsstokken. Dette er ein nedgang i arbeidsløysa på 11,0 prosent frå same månad i fjor.

– Vi har hatt ei god utvikling av arbeidsløysa i Møre og Romsdal også i juni 2019. Den siste månaden har vi fått 42 færre arbeidslause, og tek me omsyn til vanlege sesongsvingingar er nedgangen den siste månaden på 77 personar. Med desse tala har vi også denne månaden ei betre utvikling enn landet totalt, seier direktør Stein Veland.

– Blant dei som har vore arbeidssøkjarar lenge er nedgangen det siste året enda større enn reduksjonen blant alle arbeidslause. Blant dei som har vore arbeidssøkjarar i over eit halvt år er reduksjonen det siste året på 12,4 prosent, ned til 1 382 personar. For alle arbeidslause er reduksjonen 11 prosent, seier Veland.

Pressemelding om arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal for juni 2019

Pressemelding om arbeidsmarknaden for heile landet for juni 2019