Færre arbeidslause i Møre og Romsdal

I oktober 2019 er 2 610 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 1,9 prosent av arbeidsstokken. Dette er ein nedgang i arbeidsløysa på 12,9 prosent frå same månad i fjor.

– Korrigert for normale sesongsvingningar har det dei to siste månadane blitt 148 færre ledige i Møre og Romsdal, noko som er ei betre utvikling enn i resten av landet, seier direktør Stein Veland.

– Nedgangen i arbeidsløysa held fram på søre Sunnmøre. Der er den 2,3 prosent, same som på ytre Nordmøre. I fylket elles er arbeidsløysa så låg at næringslivet har aukande utfordringar med å rekruttera arbeidskraft med ønska kompetanse.

– Vi gjer no mykje godt med inkluderingsdugnaden i heile fylket. I oktober 2019 har vi 859 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 40 fleire enn i oktober 2018. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 469 personar i fylket, avsluttar Veland.

 

Pressemelding om arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal for oktober 2019

Pressemelding om arbeidsmarknaden for heile landet for oktober 2019