Færre ledige frå industrien

I januar 2019 er 3 521 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,6 prosent av arbeidsstokken. Dette er ein nedgang i arbeidsløysa på 10.3 prosent frå same månad i fjor.

–  Den gode trenden gjennom 2018 med fallande  arbeidsløyse held fram. Tek vi omsyn til dei vanlege sesonsvingingane har arbeidsløysa gått ned med nesten 100 den siste månaden, seier direktør Stein Veland. 

– Det er blant dei med bakgrunn frå industriarbeid, ingeniøryrker og IKT vi har den største reduksjonen i arbeidsløysa det siste året. Det er blitt 31 prosent færre arbeidslause industriarbeidarar og blant ingeniør og IKTyrker er reduksjonen det siste året på heile 37 prosent, seier Veland.

Lenker:

Pressemeldinga frå NAV Møre og Romsdal for januar 2019.

Pressemeldinga for heile landet med lenker til bakgrunnsmateriale