Nedgang i arbeidsløysa

– Den siste månaden er det 187 færre arbeidslause i Møre og Romsdal og vi har for fyrste gong på fleire år ein lågare arbeidsløyseprosent enn landet samla sett, seier fylkesdirektør Stein Veland.

Nedgang i arbeidsløysa

– Den siste månaden er det 187 færre arbeidslause i Møre og Romsdal. Arbeidsløysa er vanlegvis ganske lik i september og oktober. Når vi tek omsyn til dei vanlege svingingane knytt til årstida har vi ein reduksjon på 160 personar. Dette gjer at vi for fyrste gong på fleire år har ein lågare arbeidsløyseprosent enn landet samla sett, seier fylkesdirektør Stein Veland.

– Det siste året har hatt vi ein nedgang i arbeidsløysa i alle arbeidsmarknadsregionane i fylket, unntatt på indre Nordmøre. Auken på 1,7 prosent på indre Nordmøre er ikkje urovekkande, sidan arbeidsløysa der er heilt nede på 1,3 prosent. Størst er reduksjonen på ytre Nordmøre og i Romsdal, med ein reduksjon på rundt 20 prosent. Ein viktig årsak til dette er at Kristiansund kommune har hatt ei svært god utvikling. Arbeidsløysa der er for fyrste gong på fleire år under 3 prosent, seier Veland.

Heile pressemeldinga frå NAV Møre og Romsdal for oktober 2018 kan du lese HER

Pressemelding for heile landet med lenker til bakgrunnsmateriale finn du HER