Færre arbeidslause i Møre og Romsdal

I april 2019 er 2 972 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,2 prosent av arbeidsstokken. Dette er ein nedgang i arbeidsløysa på 13,7 prosent frå same månad i fjor.

– Vi har vore gjennom nok ein månad med reduksjon i arbeidsløysa. Når vi tek vi omsyn til dei vanlege sesongsvingingane er det 119 færre arbeidslause no enn ved utgangen av mars, seier direktør Stein Veland.

– Vi har hatt god utvikling i dei fleste områda dei siste månadene og ved utgangen av april er det ingen kommunar som har over fire prosents arbeidsløyse. Samanlikna med landet har vi hatt god utvikling i år. I januar hadde vi same arbeidsløyseprosenten som landet, men gjennom vinteren og våren har vi hatt ei betre utvikling og no har vi ei arbeidsløyse som er 0,13 prosentpoeng lågare, seier Veland.

Pressemelding om arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal for april 2019

Pressemelding om arbeidsmarknaden for heile landet for april 2019