Jobbmesse i Herøyhallen 1. oktober 2019

Tirsdag 1. oktober 2019 arrangerer NAV Møre og Romsdal jobbmesse i Herøyhallen i Fosnavåg.

Jobbmessa er ein lokal arena der arbeidsgjevarar med behov for rekruttering og arbeidssøkarar kan møtast i ei uformell ramme. NAV inviterer arbeidssøkarar frå regionen og stiller med rettleiarar som vertskap på jobbmessa. Arbeidsgjevar vert tildelt ein stand kor dei kan ta i mot arbeidssøkarar og profilere verksemda. Jobbmessa er open for alle som er på jakt etter jobb. Arrangementet er utan kostnad, både for verksemder og arbeidssøkarar.

Arbeidssøkarar vert oppfordra til å ta med oppdatert CV i fleire eksemplar.

Nyttig informasjon om jobbsøking og korleis du kan førebu deg til jobbmessa finn du HER

Dørene er opne for arbeidssøkarar frå kl. 12:00 til kl. 15:00.

Kontaktperson: Oddvor F. Hovden // 482 52 094 // oddvor.f.hovden@nav.no

Sida vert oppdatert med meir informasjon.