Nye leiarar på plass for NAV Vestland

Regiondirektør Anne Kverneland Bogsnes har no fått på plass nye leiarar for NAV Vestland.

– Eg er svært nøgd med å ha fått med meg så mykje god kompetanse og røynsle inn i leiargruppa og som leiarar av spesialeiningane. Det er også gledeleg at vi har fått inn leiarar frå begge fylka, seier regiondirektøren.

Tommy Johansen (53) er tilsett som assisterande regiondirektør. Johansen fungerer i dag som fylkesdirektør for NAV Hordaland. I si nye rolle vil han i tillegg til å vere assisterande direktør, få ansvar for oppfølginga av mellom anna spesialeiningane NAV Arbeidsrådgjeving, NAV Arbeidslivssenter, NAV-kontora og partnarskapen i det nye fylket. Tommy Johansen bur i Vaksdal, har lang fartstid i NAV og 21 års leiarerfaring.

Frode Storvik (54) er tilsett som direktør for strategi og leiarstøtte. Storvik er avdelingsdirektør ved NAV Hordaland og er for tida med i arbeidet med å etablere NAV Vestland. I den nye stillinga vil han mellom anna ha i oppgåve å jobba med strategi og utvikling innanfor kjerneområda til NAV Vestland, og ha ansvar for forbetrings- og utviklingsprosjekt. Storvik bur i Bergen og har 14 års leiarerfaring og har i tillegg jobba i ein rekkje prosjekt, mellom anna etablering av NAV på landsbasis, etablering av forvaltningseiningar og i Vågeng-utvalet si utgreiing om NAV.

Knut Steinar Eitungjerde (61) er tilsett som direktør for avdeling for samfunnsutvikling. Eitungjerde er i dag assisterande direktør i NAV Sogn og Fjordane med hovudansvar for mellom anna media- og samfunnskontakt. Han deltok i etableringa av NAV på landsbasis og har elles hatt ansvar for fleire større prosjektarbeid som t.d. etablering av NAV-kontora i Sogn og Fjordane. Han har også delteke i sentrale utviklingsoppdrag utanfor NAV i regi av kunnskapsdepartementet. For tida deltek han i arbeidet med å etablere NAV Vestland. Eitungjerde kjem frå Balestrand og har 35 års leiarerfaring,  både frå  kommunal, fylkeskommunal og statleg sektor.

Anne Berit Fristad (61) er tilsett som direktør for avdeling for organisasjonsutvikling. Fristad vil mellom anna få ansvar for områda HR, medverknad etter hovudavtalen, leiarutvikling, drift, økonomi og anskaffing. Ho har jobba som leiar innan mange av NAV sine område både i Sogn og Fjordane og i Hordaland. Ho har dei siste åra jobba som avdelingsdirektør ved NAV Hordaland med mellom anna hovudansvar for HR-området og fagutvikling av NAV-tenester. Anne Berit Fristad kjem frå Florø, har lang fartstid i NAV og 28 års leiarerfaring.

Øyvind Urdal (53) er tilsett som direktør for NAV Arbeidslivssenter Vestland. Urdal vil ha ansvaret for å leie IA-arbeidet som partane i arbeidslivet har gjeve NAV i oppdrag å følje opp. Han jobbar i dag som direktør for same område i Hordaland. Urdal har lang erfaring frå NAV, mellom anna som leiar av NAV-kontor. Øyvind Urdal bur i Bergen og har 20 års leiarerfaring.

Rune Jacobsen (54) er tilsett som direktør for NAV Arbeidsrådgjeving Vestland. NAV Arbeidsrådgjeving skal bidra i arbeidet med å lette overgangen til arbeidslivet for brukarar med helsemessige og samansette utfordringar. Han er i dag direktør ved NAV Arbeidsrådgjeving Hordaland. Jacobsen bur i Bergen og har lang fartstid i NAV. Han har mellom anna jobba som NAV-kontorleiar og tenesteområdeleiar med ansvar for fleire NAV-kontor. Jacobsen har 24 års leiarerfaring.

 

Fakta

NAV Sogn og Fjordane og NAV Hordaland slår seg saman til NAV Vestland frå 1. januar 201,9 i tråd med Arbeids- og velferdsdirektoratet sitt vedtak om ny fylkesstruktur for Arbeids- og tenestelinja i NAV. Det nye fylket vil vera samansett av 59 kommunar og til saman 66 NAV-kontor i 2019. Etter kommunesamanslåinga i 2020 vil det vere 43 kommunar i det nye fylket. Fylkeskontoret for NAV Vestland har mellom anna hovudansvar for partnarskapen saman med kommunane i tillegg til ansvaret for koordinering, utvikling og rapport- og resultatoppfølging ovanfor NAV-kontora. Fylkeskontoret mottek oppdrag og rapporterer på resultat til Arbeids- og velferdsdirektoratet. NAV Vestland vil bestå av omkring 700 statleg tilsette.

 

Anne Kverneland Bogsnes
Regiondirektør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.