Ønskjer debatt om sjukefråvær

Per 1. kvartal i 2018 var det legemeldte sjukefråværet i Hordaland på 5,8 prosent. Dette er ein nedgang på 1,2 prosent i høve til i fjor.

Om lag 750.000 dagsverk gjekk bort i sjukefråvær i Hordaland dette kvartalet.

Sjølv om sjukefråværet har vore stabilt over lengre tid, meiner fungerande fylkesdirektør i NAV Hordaland, Tommy Johansen at det ikkje er grunn til å være nøgd.  Han ønskjer velkomen ein debatt om  korleis vi kan redusere sjukefråværet.

– Er ein borte frå jobben i meir enn eit halvt år, er det 50 prosent risiko for at ein aldri kjem attende i arbeid. Dess høgare sjukmeldingsgrad, dess lengre blir fråværet. Vi ønskjer ein debatt om korleis vi kan bryte denne negative spiralen, seier Johansen.

– Med tanke på at arbeid, i de fleste tilfelle, er helsefremjande burde fleire heilt eller delvis stått i arbeid når de elles ville vore sjukmeldt. Vi skal sjølvsagt ta på alvor at sjukefråværet er velgrunna, men vi ser at svært mange venter for lenge med å skifte kurs, i staden for å tenke alternativt arbeid. Dess lengre folk utset slike avgjerder, dess større er risikoen for permanent utanforskap, legg Johansen til.

Influensaen ramma hardt

Sjukefråværet går mest ned i aldersgruppa 16-19 år  (-9 %), medan det aukar mest for aldersgruppa 60-69 år (+2 %).

Muskel- og skjelettplagar er årsaka til flest sjukmeldingar i Hordaland. I første kvartal er det ein auke på heile 26 prosent i sjukdommar i luftveiene.

– Influensasesongen var hard i år, noe som gir utslag på statistikken. Det er elles godt å sjå at det er nedgang i sjukefråværet innan alle dei andre diagnosane, seier Johansen.

Om lag 19 prosent av sjukmeldingane i fylket var graderte dette kvartalet. Hordaland, Rogaland og Oslo har lågast del graderte sjukefråværstilfelle i landet.

Store geografiske forskjellar

Sjukefråværet aukar mest innan faglig, vitenskapelig og teknisk tjenesteyting (+21 %) og finansierings- og forsikringsvirksomhet (+12 %). Innan elektrisitet-, vann og renovasjon (-24 %) går sjukefråværet mest ned.

Høgst sjukefråvær finn vi i kommunane Radøy (7,6 %), Sund (7,4 %) og Fjell (6,9 %). Lågast er sjukefråværet i Odda, Ullensvang (begge 4,4 %) og Granvin (4,5 %).

Det totale sesongjusterte sjukefråværet i landet er no på 6,4 prosent. Det viser nye sesong- og influensajusterte tal.  Det var ein nedgang  i det eigenmeldte sjukefråværet på 0,7 prosent, og i det legemeldte på 2,3 prosent. Samla var det ein nedgang på 2,0 prosent.

 


 

For kommentar til meldinga, kontakt:

  • Tommy Johansen, fungerande fylkesdirektør i NAV Hordaland, mobil 975 67 035
  • Birgitte B. Lygre, kommunikasjons- og analyserådgivar i NAV Hordaland, mobil 90 50 70 96