IA-kurs våren 2018

Meld deg på vårens IA-kurs. På menyen i vår står mellom anna førebygging av sjukefråvær, oppfølging av sjukmelde og kurs i arbeid og psykisk helse.

NAV Arbeidslivssenter i Hordaland ønskjer velkomen til vårens kursprogram.

Du kan søke opp kurs i kursmodulen og melda deg på direkte om du er i målgruppa.

Resultata av eit godt IA-arbeid sjår ein fyrst og fremst ute i verksemdene, men vi håper at IA-kursa vil vere til støtte og hjelp for å skape eit meir inkluderande arbeidsliv.

I kursmenyen finn du kursa Arbeidslivssenteret tilbyr i vår. Rådgivarane ved Arbeidslivssenteret kan òg vere samarbeidspartnar i arbeidet med å kartlegge og å planlegge kva for kompetanse som bør styrkast for å nå verksemdenes mål, samt hovudmåla i IA-avtalen. Kursmenyen er stor og variert. NAV Arbeidslivssenter tilbyr mellom anna kurs i førebygging av fråvær, oppfølging av sjukmelde samt kurs i arbeid og psykisk helse.

Dei fleste kursa er 3 timer. Det arrangeras kurs i Bergen og på Stord. Målgruppa er leiarar, tillitsvalde, verneombod og IA-kontaktpersonar i IA-verksemder.

Det vert servert gratis lunsj på heildagskursa. Alle våre kurs er kostnadsfrie og open for ansatte i IA-verksemder.

Les meir på iaihordaland.no


 

Kurshefte våren 2018 navet 1