Open dag og utprøving av hjelpemiddel

NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland har utprøvingsrom for hjelpemiddel, der samarbeidspartnarar kan foreta utprøvingar sjølve.

Utprøvingsrommet kan nyttast kl. 09.00-14.00 alle kvardagar. Ring NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland  for å reservere rommet.

Open dag for rullestolar

Kvar onsdag er det open dag for utprøving av rullestolar kl. 10.00-14.00, og rådgjevar og tekniske tenester frå hjelpemiddelsentralen er tilgjengeleg.

Open sykkeldag

Open sykkeldag er eit tilbod der brukarar i alderen 0-26 år kan prøve prisforhandla syklar, saman med sin lokale ergo- eller fysioterapeut. Rådgjevar frå NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland vil vere tilgjengeleg under utprøvinga.

Våren 2019 er det open sykkeldag kvar torsdag kl. 12.00-14.00 (kvardagar) frå og med 7. mars til og med 20. juni.

Gå til eigne sider for utprøving av hjelpemiddel for meir informasjon.