Søknad og regelverk

Kva har eg rett på? Korleis søker eg?

Eg treng hjelpemiddel for ein kort periode. Kva gjer eg?

Hjelpemiddel til kortvarig bruk (under to år) vert utleverte frå kommunen, ikkje frå NAV Hjelpemiddelsentral. Du treng rekvisisjon frå heimesjukepleie eller ergo- og fysioterapiteneste. Tenesta er gratis.

Enkle hjelpemiddel du treng ved forbigåande sykdom, til dømes krykker, kjøper du sjølv i helsebutikk.

Eg treng hjelpemiddel til meg sjølv eller andre. Kva gjer eg?

Viss du har varig behov for hjelpemiddel (over to år), tek du kontakt med helsetenesta i din heimkommune; ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgsavdelinga. Ring kommunen sitt hovudnummer, viss du ikkje veit kven du skal kontakte.

Kommunen hjelper deg med utgreiing av behov, val av produkt og utfylling av søknad.

Før du fyller ut søknaden, må desse spørsmåla avklarast:

  • Kva behov skal hjelpemidlet dekke?
  • Kva for medisinske forhold har betydning for behovet (diagnose, prognose etc)?
  • Kvar skal du nytte hjelpemidlet (heime, på arbeid, i bilen etc)?
  • Kva for tiltak er prøvd ut for å løyse praktiske problem, og kvifor fungerte fungerte dei ikkje?
  • Kva for produkt treng du?
  • Viss du søker på eit produkt som er rangert lågare enn nummer ein i posten i rammeavtalen, må du oppgi årsak til dette. Valet må begrunnast ut frå eigenskapane ved produktet, sett mot brukaren sin funksjon.
  • Vil brukaren klare å ta i bruk hjelpemidlet? 
  • Treng brukaren opplæring, og kven har i så fall ansvar for opplæringa?

Hjelpemidla vert dekte av folketrygda.

Eg skal søke om hjelpemiddel. Kva skjema skal eg bruke?

Skjemarettleiaren på nav.no (menyval "Skjema og søknad") sikrar rett bruk av skjema. Her finn du også meir informasjon om søkeprosessen.

Korleis søker eg på eit spesifikt hjelpemiddel?

Hjelpemiddeldatabasen.no inneheld oversikt over produkt og hjelpemiddel. Ta kontakt med heimkommunen din for å få hjelp til å søke. Kommunen hjelper deg med utgreiing av behov, val av produkt og utfylling av søknad. Søknadsskjema ligg på nav.no.

Eg skal søke på eit bestemt hjelpemiddel. Kvar finn eg vilkåra for å søke på produktet?

Ta kontakt med helsetenesta i heimkommunen din for å få hjelp til å søke. I kompliserte saker tek kommunehelsetenesta kontakt med våre saksbehandlarar.

Du finn meir informasjon om dette på nav.no.

Eg er usikker på kva hjelpemiddel eg skal søke på. Kva gjer eg?

Ta kontakt med den den kommunale helsetenesta i din heimkommune. Ring kommunen sitt hovudnummer viss du er usikker på kven i kommunen som arbeidar med hjelpemiddel.

Kommunehelsetenesta hjelper deg med utgreiing av behovet. I kompliserte saker der det trengst fagleg bistand frå rådgjevarar på NAV Hjelpemiddelsentral, sender den kommunale helsetenesta ei tilvising til hjelpemiddelsentralen.

Du finn også informasjon om produkt på Hjelpemideeldatabasen.no. Ver merksam på at Hjelpemiddeldatabasen er ei samleside for alle typar hjelpemiddel. Ikkje alle produkta i Hjelpemiddelbatabasen vert dekka av folketrygda.

Korleis veit eg om eit hjelpemiddel er prisforhandla?

Hjelpemiddeldatabasen.no inneheld oversikt over hjelpemiddel på rammeavtale, som er prisforhandla.

Kan eg låne hjelpemiddel til born med hofteleddsdysplasi?

Ja, du kan søke til Helfo om utlån av spesialvogn. Vognen vil bli utlevert frå NAV Hjelpemiddelsentral. Det er berre vogn som vert innvilga på desse kriteriane.

Kva type hjelpemiddel kan ein søke på tilskotsordning?

Brukarar som fyller vilkåra kan, etter søknad, få utbetalt eit beløp (tilskot) på kr. 2.000,-. Brukaren kjøper selv dei hjelpemidla han eller ho treng. Tilskotet skal dekke dei ekstra utgiftene brukaren har til rimelege hjelpemiddel spesielt utvikla for personar med nedsett funksjonsevne. Brukaren kan søke om nytt tilskot etter fire år. 

Eg ser dårleg og lurer på om synshjelpemiddel er aktuelt for meg. Kva gjer eg?

Ta kontakt med Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT) i Hordaland, som er ei interkommunal teneste for fylkeskommunen i Hordaland, og for alle kommunane i fylket.

Det trengst epikrise frå øyelege.

Telefonnummer til SAPT: 53 03 72 50
E-post: synogaudio@bergen.kommune.no 

Eg ønskjer å prøve ut hørselstekniske hjelpemiddel. Kva gjer eg? 

Ta kontakt med Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT) i Hordaland (sjå over). 

Eg har sendt søknad. Kva er saksgangen vidare?

Søknaden din blir behandla etter gjeldande lovverk og rutinar. Vanleg tid for saksbehandling er inntil tre veker frå søknaden er motteken hos oss. Dette føreset at søknaden er riktig fylt ut og inneheld alle opplysningar vi treng. På nav.no ligg oversikt over saksbehandlingstidene våre.

Viss det mangler opplysningar i søknaden, vert søknaden henlagt. I slike tilfelle sender vi brev med informasjon om kva som mangler i søknaden.

Har du andre spørsmål om søknad eller regelverk? Gå til artikkelen "Regelverk, søknad og vedtak"

Tilbake til "Ofte stilte spørsmål om hjelpemiddel"