Reparasjon og byte av hjelpemiddel

Informasjon om reparasjon og byte eller gjenanskaffing av hjelpemiddel.

Hjelpemidlet mitt er øydelagt og treng reparasjon. Kva gjer eg?

Viss hjelpemidlet ditt treng reparasjon tek du kontakt med den som er ansvarleg for hjelpemiddel i din heimkommune. Det kan vere ergo- og fysioterapitenesta, pleie- og omsorgsavdelinga eller kommunal mottaksstad for hjelpemiddel. Ring kommunen sitt hovudnummer viss du ikkje veit kven du skal kontakte.

Viss du bor i Bergen kommune tek du kontakt med Hjelpemiddelhuset:
Telefonnummer - 53 03 48 80
E-post - brukerservice.hjelpemiddelhuset@bergen.kommune.no.

Viss kommunen ikkje kan reparere utstyret, leverer kommunen utstyret til NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland. Kommunen fyller ut eige skjema og sender melding om reparasjon til eiga e-postadresse på NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland.

Når utstyret er reparert av NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland, vert det sendt tilbake til kommunal mottaksstad, og kommunen sørger for at du får utstyret tilbake.

Når får eg hjelpemidlet mitt tilbake frå reparasjon?

NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland reparerar dei fleste hjelpemiddel innan ein veke etter at vi har fått utstyret. Iblant tek det lenger tid. Når utstyr er reparert av NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland, vert det sendt tilbake til kommunal mottaksstad, og kommunen sørger for at du får utstyret tilbake.

Du finn kontaktinformasjon til kommunal mottaksstad i din heimkommune på sidene våre om saksbehandlingstider.  

Eg treng nytt eller eit anna hjelpemiddel. Kva gjer eg?

Ta kontakt med din heimkommune viss du treng nytt eller eit anna hjelpemiddel.

Skjemaet "Byte av hjelpemiddel" skal nyttast når du skal byte fra eit hjelpemiddel du har, til eit tilsvarande eller likt hjelpemiddel. Dette gjeld til dømes når hjelpemidlet ikkje passar lenger, eller når det er defekt eller utslite.

Dette gjeld ikkje for elektromedisinsk utstyr og talehjelpemiddel, der det er eigne rutinar. Du finn meir informasjon om dette i Rettleiar for tekniske tenester under Relatert innhold.

Viss behovet ditt endrar seg, og du treng eit anna hjelpemiddel en det du har, må du sende ny søknad.

Eg treng attest for flytransport av elektrisk rullestol

Send førespurnad på epost til nav.hjelpemiddelsentral.hordaland.teknisk@nav.no.

Feilsøk og feilretting - tekniske spørsmål

På ein del av hjelpemidla kan du sjølv sjekke eller rette feil. Gå til artikkelen og sjekk om det gjeld i ditt tilfelle, før du bestiller reparasjon.

Tilbake til "Ofte stilte spørsmål om hjelpemiddel"

Fakta

Reparasjon av hjelpemiddel

I mange tilfelle er det heimkommunen din som hjelper deg med reparasjon av hjelpemidlet ditt. Dette gjeld dei fleste enklare hjelpemiddel som rullator, fleksiblink-anlegg, IR-anlegg (for TV) og manuelle rullestolar.

Bestille delar

Viss det trengst delar til eit hjelpemiddel, kan godkjend serviceperson bestille delar frå NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland. Bestillinga må innehalde alle nødvendige tekniske spesifikasjonar. Bestilling av dekk til rullestol må til dømes innehalde informasjon om dekkmål og dekktype.

Bestilling skal skje skrifteleg på eige skjema, som sendes til NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland på eiga e-postadresse.

Kva om mitt behov endrar seg?

Viss behovet ditt endrar seg, og du treng eit anna hjelpemiddel en det du har, må du sende ny søknad til NAV.