Produkt og hjelpemiddel - val og utprøving

Korleis veit eg kva eg skal søke på? Kan eg få prøve ulike løysingar? Korleis veit eg om hjelpemidla er prisforhandla?

Eg ser dårleg og lurer på om synshjelpemiddel er aktuelt for meg. Kva gjer eg?

Ta kontakt med Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT) i Hordaland, som er ei interkommunal teneste for fylkeskommunen i Hordaland, og for alle kommunane i fylket.

Det må føreligge epikrise frå øyelege.

Telefonnummer til SAPT: 53 03 72 50
E-post: synogaudio@bergen.kommune.no 

Eg ønskjer å prøve ut hørselstekniske hjelpemiddel. Kva gjer eg? 

Ta kontakt med Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT) i Hordaland (sjå over). 

Eg treng hjelp til vurdering og utprøving av hjelpemiddel. Kan eg ta direkte kontakt med leverandøren av hjelpemidlet?

Bistand fra hjelpemiddelleverandøren i utprøvingsfasen, skal avtalast med NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland. Eventuelle utgifter til leverandøren i samband med utprøving og vurdering, vert berre dekka av NAV Hjelpemiddelsentral viss det er avtalt før sjølve utprøvinga.

Eg er usikker på kva hjelpemiddel eg skal søke på. Kva gjer eg?

Ta kontakt med den den kommunale helsetenesta i din heimkommune. Ring kommunen sitt hovudnummer viss du er usikker på kven i kommunen som arbeidar med hjelpemiddel.      

Kommunehelsetenesta hjelper deg med utgreiing av behovet. I kompliserte saker der det trengst fagleg bistand frå rådgjevarar på NAV Hjelpemiddelsentral, sender den kommunale helsetenesta ei tilvising til hjelpemiddelsentralen.      

Du finn også informasjon om produkt på Hjelpemideeldatabasen.no. Ver merksam på at Hjelpemiddeldatabasen er ei samleside for alle typar hjelpemiddel. Ikkje alle produkta i Hjelpemiddelbatabasen vert dekka av folketrygda. 

Eg skal søke på eit bestemt hjelpemiddel. Korleis finn eg vilkåra for å søke på hjelpemidlet?

Ta kontakt med helsetenesta i din heimkommune for å få hjelp til å søke. I kompliserte saker tek kommunehelsetenesta kontakt med saksbehandlarane på NAV Hjelpemiddelsentral.      

Du finn meir informasjon om dette på nav.no.

Korleis veit eg om eit hjelpemiddel er prisforhandla?

Hjelpemiddeldatabasen.no inneheld oversikt over hjelpemiddel på rammeavtale, det vil si hjelpemiddel som er prisforhandla.

Kva type hjelpemiddel kan ein søke på tilskotsordning?

Brukarar som fyller vilkåra kan søke og få utbetalt eit beløp på kr. 2.000,- (tilskot). For tilskotet kjøper brukaren sjølv dei hjelpemidla han eller ho treng. Tilskotet skal dekke dei ekstra utgiftene brukaren har til rimelege hjelpemiddel som er spesielt utvikla for personar med nedsett funksjonsevne. Brukaren kan søke om nytt tilskot etter fire år.

Får eg eit nytt eller eit brukt hjelpemiddel?

Hjelpemidlet du får utlevert frå NAV Hjelpemiddelsentral, kan ha vore brukt før. Med utgangspunkt i eit samfunnsøkonomisk ansvar, resirkulerer vi ein del av dei hjelpemidla vi leverer ut. Det gjeld i hovudsak store og kostbare hjelpemiddel som rullestolar, personløftarar, senger, lese-tv og liknande. 

Vi følgjer strenge hygieniske og tekniske retningsliner, når vi resirkulerer hjelpemiddel.

Kan eg låne hjelpemiddel til born med hofteleddsdysplasi?

Ja, du kan søke til Helfo om utlån av spesialvogn. Vognen vil bli utlevert frå NAV Hjelpemiddelsentral. Det er berre vogn som vert innvilga på desse kriteria. 

Tilbake til "Ofte stilte spørsmål om hjelpemiddel"