Stønad til bil

Informasjon om stønad eller tilskot til bil.

Kven kan søke om stønad eller tilskot til bil?

Etter regelendringar på bilområdet frå 1. januar 2015 blir det ikkje lenger gitt tilskot til kjøp av bil når formålet er å forhindre eller bryte eit isolert tilvære (daglegliv). Tilskot blir kun gitt for at brukaren skal komme seg til arbeid eller utdanning utover vidaregåande skule (arbeidsliv).

Kven kan søke om stønad til spesialtilpassa kassebil (bil i gruppe 2)? Kva for medisinsk dokumentasjon trengst?

Det kan gis stønad til bil i gruppe 2, spesialtilpassa kassebil, viss du er avhengig av heis eller rampe for å kome inn eller ut av bilen, eller viss du har sterkt nedsett gangfunksjon og er avhengig av spesialtilpassa kassebil for å ha med hjelpemiddel. Søknadsprosessen er no digitalisert. Du logger inn på nav.no med søkarens sin bank-id, og fyller ut søknaden der. Legeerklæring skal leggast ved søknaden som siste side, saman med funksjonsvurdering frå ergoterapeut.

Korleis søker eg?

Søknadsprosessen er no digitalisert, og på nav.no finn du skjema og rettleiing for heile søkeprosessen. Logg inn på nav.no med bank-id (til brukaren), og fyll ut søknaden der.

  • Fyll ut søknaden elektronisk. Du får rettleiing undervegs. 
  • Skann eller ta bilde av alle vedlegg. Ikkje send søknaden før du har alle vedlegga du treng.
  • Last opp vedlegga og send dei med søknaden til NAV. Du får kvittering når NAV har fått søknaden.

Viss du treng hjelp eller rettleiing til utfylling av søknadsskjemaet, tek du kontakt med ditt lokale NAV-kontor.

Kor lang tid tar det frå eg søker til eg får svar på søknaden?

Når alle nødvendige opplysningar i ein søknad ligg føre, vil du som hovudregel få svar innan tre månader.

Kan eg søke om spesialtilpassing sjølv om eg ikkje har bil som er finansiert av folketrygda?

Ja, det kan du. Du kan søke om spesialtilpassing i privatfinansiert bil. Søknadsskjema finn du på nav.no. Funksjonsvurdering frå ergo- eller fysioterapeut, som beskriver dine behov, må følgje med søknaden. Det ligg eige skjema for funksjonsvurdering på nav.no.

Framgangsmåte er den same som i punktet over. Viss du er under 18 år eller har verge, må søknaden sendast med post.

Treng du hjelp eller rettleiing til utfylling av søknadsskjemaet, kan du ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor.

Du kan ikkje kjøpe eller bestille spesialutstyr eller tilpassing sjølv, og deretter søke om å få det refundert. 

Kan eg søke på tilpassing av bil i samband med køyreopplæring når jeg er under 18 år?

Du kan i utgangspunktet ikkje søke om tilskot til køyreteknisk tilpassing av bil i samband med
øvingskøyring. For å kunne søke om køyreteknisk tilpassing i bil, må du ha godkjend førarrett. Viss du skal øvingskøyre og treng køyreteknisk spesialutstyr, må du kontakte køyreskoler som tilbyr løysingar for dette.

Eg treng reparasjon av spesialutstyr i bil? Kva gjer eg?

Viss du treng reparasjon av spesialutstyr frå folketrygda, tek du kontakt med NAV Bilsenter på telefon eller e-post, og gjer avtale. Du treng ikkje kontakte kommunal terapeut før du kontaktar bilsenteret.

Kva skjer med bilen når stønadsperioden går ut?

Når stønadsperioden går ut, vil NAV kreve gjeldsoppgjer viss vilkåra for stønad til bil ikkje lenger er oppfylte, viss du får stønad til ny bil eller du sjølv ønsker gjeldsoppgjer. Gjeldsoppgjer skjer ved at bilen vert innlevert til NAV Hjelpemiddelsentral, eller ved at du kjøper ut bilen etter NAF-takstverdi, viss NAV ikkje kan gjenbruke bilen.

NAV tar ikkje automatisk gjeldsoppgjer når stønadsperioden går ut. Viss du har fått tilskot, og NAV ikkje har pant i bilen, vil du få tilsendt avkvittert gjeldsbrev når stønadsperioden går ut.

Kva tid kan jeg søke på ny?

Hovudregelen er at du kan søke om stønad til ny bil etter elleve år. Viss du er i arbeid gjeld eigne reglar.

Etter 1. januar 2015 må du vere i arbeid eller høgare utdanning for å få tilskot til bil i gruppe 1 (vanleg personbil). 

Kva skjer ved dødsfall, når avdøde har ein trygdefinansiert bil?

Når nokon med trygdefinansiert bil døyr, skal ein foreta gjeldsoppgjer. Gjeldsoppgjerets art avheng av om bilen er gitt med tilskot eller som stønad. For å få avklaring om dette når nokon døyr, kan boet ta kontakt med NAV Bilsenter.

Tilbake til "Ofte stilte spørsmål om hjelpemiddel"