Dette får du hjelp til i heimkommunen

Veit du om du skal kontakte NAV Hjelpemiddelsentral eller kommunen du bur i, når du treng hjelp med hjelpemiddel?

Habilitering og rehabilitering skal bidra til at menneske med funksjonsnedsettingar eller kronisk sjukdom oppnår best mogleg sjølvstende, evne til funksjon og meistring, og høve til deltaking sosialt og i samfunnet elles.

Kommunen har hovudansvaret og den viktigaste koordinerande rolla i habiliteringsarbeidet. Kommunen kartlegg brukaren sitt totalbehov, og behovet for hjelpemiddel. Kommunen har ansvar for utgreiing, opplæring i bruk, oppfølging, tilpassing, montering og enklare service og reparasjon av hjelpemiddel, og legg til rette med ergonomiske tiltak.

Kommunane i Hordaland har etablert Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT), som skal gi bistand til personar med dokumentert syns- og høyrselstap, uansett alder. Bistanden kan gis i form av råd og rettleiing til brukarar, føresette, lærarar, personale i barnehagar og skular, helsepersonell og arbeidsgjevarar. SAPT kan òg gi hjelp ved praktisk eller teknisk tilrettelegging, jmf SAPT sin årsplan 2015.

SAPT er ei interkommunal teneste med eige styre, som skal sikre syns- og audiopedagogisk kompetanse der kommunar og fylkeskommune ikkje har tilstrekkeleg fagleg kompetanse.

Kven har ansvar for utlevering, tilpassing og reparasjon av hjelpemiddel?

Kommunen sitt ansvar omfatter alle ledd i formidlingsprosessen. Ansvaret omfatter avdekking og utgreiing av behov for hjelpemiddel, nødvendig utprøving av hjelpemiddel, hjelp med å fylle ut skjema, tilpassing, montering og enklare service og reparasjon. NAV Hjelpemiddelsentral bistår kommunane i kompliserte saker. 

Kortvarig behov for hjelpemiddel

Kommunen har ansvar for for tekniske hjelpemiddel på korttidsutlån (under to år). Korttidshjelpemiddel blir rekvirerte av heimesjukepleie eller ergo- og fysioterapiteneste. Tenesta er gratis.

Rettleiar for tekniske tenester

For å klargjere ansvar, rutinar og tidsfristar for reparasjonar og tekniske tenester på hjelpemiddel som er utleverte frå NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland, har vi utarbeidd "Rettleiar for tekniske tenester"

Rettleiaren er eit vedlegg til samarbeidsavtalen med kommunen, som definerer ansvar og oppgåver for kommunen og for NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland.

Tilbake til "Ofte stilte spørsmål om hjelpemiddel"

Fakta

Ansvar for hjelpemiddel

Ansvar for formidling av hjelpemiddel er delt mellom NAV Hjelpemiddelsentral og kommunen.

Kommunen sitt ansvar

Kommunen sitt ansvar omfattar alle ledd i formidlingsprosessen. Ansvaret omfattar avdekking og utgreiing av behov for hjelpemiddel, nødvendig utprøving av hjelpemiddel, hjelp med å fylle ut søknad og skjema, tilpassing, montering og enklare service og reparasjon, samt å motivere og gje opplæring til brukaren i korleis hjelpemidla fungerer.

NAV Hjelpemiddelsentral sitt ansvar

I tilfelle der det trengst spesialkompetanse eller godkjenning frå tilsynsmyndigheiter, skal NAV Hjelpemiddelsentral utføre eller bestille reparasjon, service, montering eller demontering. Alle serviceoppdrag skal bestillast skriftleg frå hjelpemiddelsentralen, før arbeidet vert sett i gang. 

NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland skal i samarbeid med kommunen tilby opplæring for tilsette i kommunen. Kommunen skal gje tilsette høve til å ta del i opplæringstiltak som NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland tilbyr.