Utprøving av hjelpemiddel

For å finne rett hjelpemiddel er det viktig å prøve ulike alternativ, og finne den løysinga som passar best. På NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland har vi utprøvingsrom der eksterne samarbeidspartnarar kan foreta utprøvingar sjølve, utan at rådgjevar frå NAV er til stades.

På Utprøvingsrommet finn du ein del av dei hjelpemidla som oftast er nytta i samband med utprøving. Utvalet kan variera, så sjekk oversikten over tilgjengelege hjelpemiddel når du skal foreta utprøving.

Det står pc i lokala, og her kan ein finne nødvendige skjema og skrive søknad. Søknaden kan ein levere i resepsjonen på NAV Hjelpemiddelsentral, i samband med utprøvinga.

Opningstider

  • Utprøvingsrommet kan nyttast kl. 09.00 - 14.00 alle kvardagar.
  • Open dag (rullestolar) - onsdag kl. 10.00 - 14.00 på Utprøvingsrommet.
  • Open sykkeldag - torsdag kl. 12.00 - 14.00 i vårsemesteret.

Det kan bli endringar i opningstidene i feriar, høgtider, ved intern opplæring og liknande.

Slik gjer du

Slik går du fram hvis du vil nytte Utprøvingsrommet:

  • Ta kontakt med NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland på telefonnummer 407 02 812.
  • Opplys om at du vil reservere Utprøvingsrommet (rom 303).
  • Henvend deg i resepsjonen når du kjem til hjelpemiddelsentralen for utprøving.

Open dag - elektrisk og manuelle rullestolar

Kvar onsdag er det open dag på Utprøvingsrommet kl. 10.00 - 14.00.

Open dag er eit tilbod der brukar, saman med kommunal ergo- eller fysioterapeut, kan prøve prisforhandla rullestolar. Rådgjevar og tekniske tenester frå NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland er tilgjengelege for spørsmål.

Den opne dagen er eit lavterskeltilbod som kan nyttast utan henvisning. Ved komplekse problemstillingar eller behov for å prøve rullestolar som normalt ikkje er tilgjengelege på Utprøvingsrommet, må du sende henvisning på vanleg måte.

Hausten 2019 er det open dag frå onsdag 21. august.

Viss du har spørsmål kan du ta kontakt med Helle Røkke eller Vibeke Svalland.

Open sykkeldag

Det er open sykkeldag kvar torsdag kl. 12.00 - 14.00 i vårsemesteret. 

Open sykkeldag er eit tilbod der brukarar frå 0-26 år, saman med sin lokale ergo- eller fysioterapeut, kan prøve prisforhandla syklar. Rådgjevar frå NAV Hjelpemiddelsentral vil vere tilgjengeleg under utprøvinga.

Sykkeldagen er eit lavterskeltilbod du kan nytta utan å sende henvisning. Ved komplekse problemstillingar eller behov for å prøve ut syklar som til vanleg ikkje er tilgjengelege, må du sende henvisning.

I år vil det i større grad bli sett fram syklar og tilbehør. Det blir forventa at kommunal fysio- eller ergoterapeut har kjennskap til produkta og kan gjennomføre utprøving. Rådgjevar vil vere tilgjengeleg for spørsmål.

Det er ønskelig at det vert send e-post i forkant av aktuell sykkeldag, med informasjon om kva syklar det er behov for å prøve.

Send gjerne e-post til Lene Dahle  eller Sunniva Røyset viss du har spørsmål eller vil delta på sykkeldagen. 

Hugs sykkelhjelm!