Samarbeid med kommunane

Informasjon som gjeld kommunale kontaktpersonar for hjelpemiddel i Hordaland.

NAV Hjelpemiddelsentral og kommunane i fylket, har ulike rollar i arbeidet med å formidle hjelpemiddel til brukarane. For at brukarane skal få den hjelpa dei treng, samarbeider NAV og kommune om å utvikle tenestene sine.

Alle kommunar har oppnemnd minst ein kontaktperson for samarbeidet med NAV Hjelpemiddelsentral.