Lokale skjema

Skjema for bestilling av reparasjon eller delar.

NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland har utarbeidd nye skjema for byte av hjelpemiddel, bestilling av delar og for reparasjon og demontering. Kvart skjema inneheld rettleiing til utfylling.

Utfylt skjema skal sendast til e-postadressa som er oppgitt på skjemaet.

Bestilling av delar

Skjemaet skal nyttast ved utskifting av defekte/øydelagde delar. 

Når det trengst nye delar eller tilbehør til hjelpemiddel som allereie er leverte ut, skal det sendast ny søknad.

Bestilling av reparasjon eller demontering

Byte av hjelpemiddel

Det er kome nytt skjema for bytte av hjelpemiddel. Du finn skjemaet på sentrale sider på nav.no.

Skjemaet skal berre nyttast til hjelpemiddel som det tidlegare er søkt på. Det skal ikkje nyttast ved behov for delar.

Personvern

Send ikkje sensitiv informasjon i e-post eller på telefaks, til dømes opplysningar om helseforhold eller diagnosar, jf. personopplysningslova § 2 nr. 1 og nr. 8. Hugs at ikkje-sensitive opplysningar kan gje eit sensitivt resultat når ein set saman ulike personopplysningar eller nyttar dei i ein spesiell samanheng.