Brukarmedverknad og brukarutval

Brukarmedverknad på systemnivå skal understøtte det overordna målet i NAV-reforma, som er å etablere ei arbeids- og velferdsforvalting som er tilpassa brukarane sine behov.

Brukarutvala skal arbeide med å identifisere og følgje opp viktige innsatsområde, og bidra til å kvalitetssikre og utvikle tilbodet til brukarane.

Brukarutvala skal dekke heile hjelpemiddelområdet og vere diskusjonsforum for viktige overordna sakar. Utvala skal kunne uttale seg i samband med planlegging, gjennomføring og evaluering av dei tenesteområda som styringseininga for NAV Hjelpemidler og tilrettelegging har ansvar for.

NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland har to brukarutval:

Områdeutvalet

Områdeutvalet er NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland sitt forum for samarbeid med brukarorganisasjonane. Områdeutvalet gjer brukarane høve til å gje råd og innspel og delta i drøftingar, for på den måten bidra til at NAV leverer stadig betre tenester til brukarar av tekniske hjelpemiddel i Hordaland.

Brukarutval for NAV Bilsenter Vest-Norge

Som ei prøveordning er det oppretta brukarutval, knytt til kvart av dei fem bilsentera i NAV. Utvala skal bidra til å kvalitetssikre og utvikle tilbodet til brukarane på bilområdet, gjennom brukarmedverknad på systemnivå.